I Digitalarkivet finn du fleire millionar med postar tasta frå kyrkjebøkene. Desse kan du søkje i. Det er fleire metodar du kan ta i bruk for å søkje i kyrkjeboksdata:
- "google"-søk, eit fritekstsøk for å leite fram personar eller stader
- avansert søk, eit forenkla søkjeskjema for å leite fram personar eller stader
- kjeldespesifikt søk, eit søkjeskjema som berre søkjer i ei bestemd kjelde
- listespesfikt søk, eit søkjeskjema som søkjer i kyrkjebøkene etter lister eller handlingar
Ei rettleiing til desse søka finn du under Hjelp
I Finn kilde vil du kunne leite fram alle kyrkjebøkene og dei kjeldespesifikke søkeskjemaa, medan til høgre finn du lenke til dei listespesifikke søkeskjemaa. I desse skjemaa kan du avgrense søket til eit eller fleire geografiske område.
