1885 vart det bestemt at ein skulle ha folketeljingar i år der årstalet slutta med 0 og at den neste teljinga skulle haldast i 1890. Likevel vart det halden ei folketeljing i 1885 i nokre byar.

Teljinga skulle gjennomførast mellom 31. desember 1885 og 1. januar 1886. Alle, inkludert førebels bortreiste, heimehørande og besøkande, skulle teljast på teljingsstaden.

Dei originale teljingslistene ligg oppbevart i statsarkiva .

Komplett teljing

Den transkriberte og søkbare utgåva av folketeljinga frå 1885 er publisert for alle tilgjengelege byar. Merk likevel at Bergen har nokre manglar som kjem på plass etterkvart. Pr idag er det omtrent 6900 personar som ikkje er med i dataa for Bergen.

Dei data me har flytta frå den gamle nettstaden for Digitalarkivet er uendra, med unntak av Moss og Horten som har fått tilført nokre tusen personar dei mangla.

No med skanna bilete

1885-teljinga er skanna og lenke til huslista og personlistene er inkludert for ein del av byane. Bileta under viser korleis du finn lenkene.

Lenke til skanna utgåve av huslista i 1885-teljinga

Klikk på bilete for større bilete. Lenke til skanna utgåve av huslista i 1885-teljinga


Lenke til skanna utgåve av personlista i 1885-teljinga

Klikk på bilete for større bilete. Lenke til skanna utgåve av personlista i 1885-teljinga