Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Men korleis lagar ein databand?

Det første problemet var å bestemma seg for om me skulle registrera kodar for variablane eller sjølve variablen; om Bonde og Gaardbeboer skulle skrivast slik eller berre som ein kode 19. Me bestemet oss for det første, først og fremst fordi me hadde for dårleg kunnskap om materialet til at me ville kunna laga eit fullgodt kodeskjema. Me bestemet oss difor til å skriva inn teljinga ordrett, og vona på at me kunne laga eit program for å laga kodar automatisk. Sidan ingen nokon gong hadde gjort noko tilsvarande, var det kanskje optimistisk. Men kva kan ikkje vankunne føra til.

Neste problem var å finna noko me kunne bruka til å skriva av på. PC-ar eksisterte ikkje, heller ikkje terminalar. Holkort var den vanlege måten å få data inn. Men det eigna seg svært dårleg til å skriva tekst. men andre hadde noko aperatur som heitte Dura, utvikla av det amerikanske forsvaret. Når ein skreiv vart det laga eit papirband, der forskjellige kombinasjonar av hol definerte bokstavane. Ein slik kjøpte me, i 1968, til ein pris av kr 40.000,-, 50% meir enn årsløna mi. Her er Duraen vår, saman med Per Vestbøstad, som var timeløna assistent hos oss:

Dura

Skriving av papirband på Duraen.



.