Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Statistisk bearbeiding av folketeljinga.

Professor Knut Mykland er ein pioner innan 1700-talshistorie, og då særleg sosial- og demografisk historie. For han var folketeljinga frå 1801 ei særs viktig kjelde. Men han såg fort at det låg mykje meir i originalmaterialet enn det ein fekk fram i tabellverket trykt i 1874. I 1968 foreslo han då for direktør Petter Jakob Bjerve i Statistisk Sentralbyrå at ein burde laga ei ny statisisk bearbeiding av teljinga. Direktør Bjerve var samd og sa at dei ville dei gjerne, om historikarane kunne levera heile teljinga på eit databand. Mykland sa det kunne dei, og fekk midlar frå Forskingsrådet. Eg vart tilsett for å ha den daglege leiinga av prosjektetet. Prosjektet vart organisert som eit samarbeidsprosjekt mellom Riksarkivet, Statistisk sentralbyrå og Historisk institutt, med riksarkivar Dagfinn Mannsåker, direktørane Erik Aurbakken og Dagfinn Skancke frå byrået og Knut Mykland frå Historisk institutt som styringsgruppe. Og så sette me i gang.



.