Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Om det dansk-norske tabellkontoret

Ved kongeleg resolusjon den 31. mai 1797 blei det dansk-norske Tabelkontor oppretta. Samme dag blei Hr. kammerråd Jacob Mandix utnemnd som sjef for kontoret. Kontoret sorterte direkte under Rentekammeret, og Tabellkontoret skulle bli ansvarleg for folketeljinga 1801. Om det var den føreståande folketeljinga som var ei direkte årsak til etableringa av tabellkontoret kjenner ein ikkje til. Før 1797 hadde innsamling og bearbeiding av statistiske oppgåver frå embetsverket blitt handsama ved ulike kontor i sentraladministrasjonen i København, og etablering av eit eige tabellkontor vitnar om ei oppvurdering av statistikk som arbeidsredskap. Opprettinga av kontoret vitnar også om ei klar haldning til at arbeidet med statisktiske oppgåver var best tent med å vere sentralisert.

Det er litt usikkert kor mange som arbeidde ved Tabellkontoret. I Dansk Hof- og Statskalender for 1801 er det oppført to personar utanom sjefen; Fuldmægtig Johan Collet og Copist Gøidert Terkelsen Bang. Men utover våren og sommaren 1801 har det nok vore hektisk ved kontoret, og ikkje minst fordi sjefen, Hr. kammerråd Jacob Mandix "ikke følte sig tilfreds med Arbeidet i dette [Tabellkontoret], navnlig da Folketællingen i 1801 forestod". Og derfor, 13. mai 1801, forlet Jacob Mandix sjefsstillinga ved Tabellkontoret til fordel for stillinga som amtmann på Bornholm! Johan Henrik Gundelach blei utnemnd som ny sjef for Tabellkontoret. Utanom desse tre veit vi og at Kasper Gottlob Schmidt hadde stilling som 'Volontær' ved kontoret frå 17. november 1801. Altså kjenner vi namnet på fire personar som seinhaustes 1801 arbeidde ved Tabellkontoret, ein sjef, ein fullmektig, ein kopist og ein volontær, og korkje seinare statskalendarar eller andre oversikter tyder på personellutvidingar.

Kva bakgrunn hadde desse for arbeid med statistiske oppgåver? Av desse er det berre sjefen som svikta - Jacob Mandix - vi kjenner bakgunnen til. I dansk biografisk leksikon blir Jacob Mandix titulert som 'Nationaløkonom'. Han tok på kort tid både teologisk, juridisk og filosofisk embetseksamen (1777-1779). Deretter fekk han reisestipend for å studere statsvitenskap og han oppheld seg derfor i tida 1781-83 ved universitetet i Gøttingen. Frå 1783 hadde han ulike stillingar ved rentekammeret og landvesenskontoret, stadig i nye trinn oppover embetsstigen. Det kan derfor synest som om Mandix var klart kvalifisert for stillinga, men kanskje oppfatta han den som eit karrieremessig blindspor? For mykje arbeid, og for lite karrierepotensiale?

Dei første resultata frå teljinga blei publisert i 1809, men det er klart at ein ikkje oppfatta det som ei prioritert oppgåve å offentleggjere talmaterialet. Dette er også forståleg utifrå den utanrikspolitiske situasjonen, for etter det engelske bombeåtaket på København i 1806 blei Danmark-Noreg alliert med Frankrike mot både Sverige og England. Detaljerte statistiske oppgåver, t.d. alder og kjønnsfordeling og yrkesfordeling med talet på soldatar geografisk fordelt, ville kunne vere nyttig informasjon for fiendemaktene.

Ved Kieltraktaten 14. Januar opphørte fellesinstitusjonen det Dansk-norske Tabellkontor, og etter den generelle 'utleveringsavtalen' skulle arkivmaterialet gjeldande tabellkontoret overførast til Norge. Eg kjenner ikkje til om dette vart gjort innanfor 6. månaders fristen som er skissert i traktaten. Men noko eige norsk tabellkontor vart ikkje oppretta, det danske hald fram til 1819, men då vart kontoret nedlagt og dei "tabellariske forretninger" blei overført til andre kontor, slik situasjonen var før 1797. Den nye norske nasjonen hadde ikkje noko særskilt statistisk kontor. Og fram til 1825 låg statistikken til ulike personar og kontor under Finans- handels og Tolldepartementet. Så seint som i 1825 blir Tabellverket organisert som eit eige kontor, men først 1837 blir det oppjustert kraftig personellmessig (2 til 9 tilsette) og får ein byråsjef som øverste leiar. Først no såg den norske sentraladministrasjonen viktigheita av systematisk innsamla og bearbeidde statistiske oppgåver.

Litteratur:
 Dansk Biografisk Leksikon
 Dansk Hof- og Statscalender (1801 og 1808)
 Meddelelser fra Det Kongelige Geheimearkiv. Kongerigets arkiv for 1886-88
 Statisitisk sentralbyrå 100 år. 1876-1976. Samfunnsøkonomiske studier 28.

Arne Solli, 30.01.2001.



.