Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

I samband med åremålsdagen til folketeljinga 1801 laga Jan Oldervoll ei nettutstilling i 2001.

Eit døme på teljingslistene frå 1801.

Folketeljinga 1801 fyller 200 år 1. februar. Fordi eg har tilbrakt mykje tid saman med bursdagsbarnet i over 30 år, synest eg sjøl det er verdt å markera dagen. Men det er også andre grunnar.

  •  Teljinga vart teken opp i heile det dansk-norske riket, og er såleis ei av dei aller første riksfemnande, moderne folketeljingar på individnivå
  •  Teljinga er den første, frå noko land, som vart dataregistrert for allmennt bruk. Dette skjedde tidleg på syttitalet.
  •  Teljing er den første, i noko land, som vart lagt ut på Internett til almenn bruk, i 1995

Difor fann eg det verdt å bruka nokre timar i føremiddag på å presentera nokre litt tilfeldige og ikkje altfor alvorlege glimt frå desse to hundreåra.

Bergen 1. februar 2001,
Jan Oldervoll
Historisk institutt




.