Denne rettleiinga tek for seg framfinning/søk etter dei skanna panteregister som ligg under Skannede arkiver.

Panteregister er register til pantebøkene, ordna etter eigedom (gardsnummer, matrikkelnummer, adresse eller liknande).

Viss du ynskjer å søke etter panteregister kan du nytte bla-inngangen som du finn under "Tinglysingsmateriale" og deretter "Panteregistre" på hovudsida. Der vel du lenka som heiter "Bla" (sjå figur 1).

skjermbilde søkeskjema panteregister

Figur 1: Bla-inngang panteregister


Søkeskjema

Søkeskjemaet inneheld fire felt du kan fylle ut (sjå figur 2). Val av fylke vil avgrense moglege val i felta for  "Arkiv" og "Kommune". Du kan søke i felta "Fylke", "Arkiv" og "Kommune" samstundes viss panteregisteret er registrert i Arkivportalen/ASTA. Viss panteregisteret ikkje er registrert i Arkivportalen/ASTA kan du berre nytte felta for "Fylke" og "Kommune" til å avgrense søket. Du kan få eit oversyn over tilgjengelege arkiv i nedtrekksmenyen i feltet "Arkiv". "Sted" kan kombinerast med "Fylke", "Kommune" og/eller "Arkiv".

Fylke
Alle panteregister er knytte til eit fylke. Fylka som du kan velje i nedtrekkslista er basert på 1947-inndelinga av landet i fylke (Bergen var då eit eige fylke). Du kan velje eitt eller fleire fylke frå nedtrekksmenyen.

Arkiv
Alle panteregister er knytte til eitt arkiv hjå arkivinstitusjonen. Eit arkiv inneheld materiale avlevert frå ein arkivskapar. Du kan velje eitt eller fleire arkiv frå nedtrekksmenyen.

Kommune
Alle panteregister er knytte til ein eller fleire kommunar. Kommunane som du kan velje i nedtrekkslista er basert på 1947-inndelinga av landet i kommunar. Du kan velje ein eller fleire kommunar frå nedtrekksmenyen.

Sted
I fritekstsøket kan du søke på stadnamn eller i andre merknader knytte til panteregistra.

skjermbilde for søkeskjema panteregister

Figur 2: Søkeskjema panteregister


Søkeresultat

Søkeresultatet gjev informasjon om talet på treff i tillegg til sjølve trefflista.

Trefflista er sortert på fylke (1. nivå), arkiv (2. nivå), serie og underserie (3. nivå) og panteregister(nummer) (4. nivå). Arkiv, serie og underserie er henta frå Arkivportalen/ASTA. Det kan stundom mangle viss panteregisteret ikkje finst i Arkivportalen/ASTA.

Du les trefflista slik (sjå døme i figur 3):

  1. kolonne: nummer på panteregister
  2. kolonne: embete og tinglag panteregisteret høyrer til
  3. kolonne: tidsrommet panteregisteret dekkjer
  4. kolonne: diverse merknader knytte til panteregisteret
  5. kolonne: lenke til fyrste side i panteregisteret (realregister eller personalregister)
  6. kolonne: lenke til fyrste side i registeret (viss panteregisteret har eit register)
  7. kolonne: forstørringsglaset er ei lenke til eigedomssøk for panteregisteret (ikkje tilgjengeleg for alle panteregister), medan i-symbolet inneheld meir informasjon om panteregisteret
skjermbilde for skannet tinglysingsmateriale, treffliste

Figur 3: Utdrag av søkeresultat for panteregister i Aurland kommune