Denne rettleiinga tek for seg framfinning/søk etter dei skanna pantebøkene som ligg under Skannede arkiver.

Pantebøker inneheld tinglyste eigedomstransaksjonar, ordna kronologisk.

Viss du ynskjer å søke etter pantebøker og bla i tinglyste dokument, kan du nytte bla-inngangen som du finn under "Tinglysingsmateriale" og deretter "Pantebøker" på hovudsida. Der vel du lenka som heiter "Bla" (sjå figur 1).

skjermbilde for skannet tinglysingsmateriale

Figur 1: Bla-inngang for pantebøker


Søkeskjema

Det er fem felt du kan fylle ut når du søker etter pantebøker (sjå figur 2). Val av fylke vil avgrense moglege val i felta for "Arkiv" og "Kommune". Viss ei pantebok ikkje er registrert i Arkivportalen/ASTA kan du berre nytte "Fylke" og/eller "Kommune" til å avgrense søket. Du kan søke i felta "Arkiv" og "Kommune" samstundes viss panteboka er registrert i Arkivportalen/ASTA. Val av arkiv vil ikkje avgrense kommune-utvalet, men val av kommune vil avgrense arkiv-utvalet på fylkesnivå. Du kan få eit oversyn over arkiv som er tilgjengelege for søk i nedtrekksmenyen i "Arkiv". "F.o.m år", "T.o.m år" og "Sted" kan du nytte i alle søk; desse kan kombinerast med "Fylke", "Kommune" og/eller "Arkiv".

Fylke
Alle panteregister er knytte til eit fylke. Fylka som du kan velje i nedtrekkslista er basert på 1947-inndelinga av landet i fylke (Bergen var då eit eige fylke). Du kan velje eitt eller fleire fylke frå nedtrekksmenyen i same søk.

Arkiv
Alle pantebøker er knytte til eitt arkiv hjå arkivinstitusjonen. Eit arkiv inneheld materiale avlevert frå ein arkivskapar. Du kan velje eitt eller fleire arkiv frå nedtrekksmenyen i same søk.

Kommune
Alle pantebøker er knytte til ein eller fleire kommunar. Kommunane du kan velje i nedtrekkslista er basert på 1947-inndelinga av landet i kommunar. Du kan velje ein eller fleire kommunar frå nedtrekksmenyen i same søk.

F.o.m år og T.o.m år
Du kan avgrense søket ditt til pantebøker frå ein tidsperiode ved å skrive inn startår og sluttår for perioden du ynskjer i desse felta. Søkeresultatet vil innehalde alle pantebøker som dekkjer minst eitt år av perioden. Til dømes vil eit søk på perioden 1850-1860 inkludere treff på pantebøker frå 1859-1870.

Stad
Du kan gjere eit fritekstsøk i annan geografisk informasjon.

skjermbilde søkeskjema pantebøker

Figur 2: Søkeskjema pantebøker


Søkeresultat

Søkeresultatet gjev informasjon om talet på treff i tillegg til sjølve trefflista (sjå figur 3). 

Trefflista er sortert på fylke (1. nivå), arkiv (2. nivå), serie og underserie (3. nivå), pantebok(nummer) (4. nivå). Arkiv, serie og underserie er henta frå Arkivportalen/ASTA, og kan stundom mangle viss panteboka, eller arkivet som panteboka høyrer til, ikkje er registrert i Arkivportalen/ASTA. Då vil pantebøkene hamne nedst i trefflista.

Du les trefflista slik:

  1. kolonne: panteboknummer
  2. kolonne: embete
  3. kolonne: tidsperiode panteboka dekker
  4. kolonne: eventuelle merknader til panteboka
  5. kolonne: lenke til fyrste side i panteboka
  6. kolonne: lenke til fyrste side i registeret i panteboka (viss panteboka har eit register)
  7. kolonne: lenke til innhaldsside (viss panteboka har blitt indeksert med meir detaljert informasjon)
  8. kolonne: meir informasjon om panteboka (trykk på i-symbolet)
skjermbilde for skannet tinglysingsmateriale, treffliste

Figur 3: Utdrag av søkeresultat for pantebøker frå Heddal sorenskriveri.