Når du har gjort eit søk etter pantebøker vil du i trefflista i sjuande kolonne stundom finne ei lenke som er kalla "Innhold" (sjå figur 1). Denne lenka fører til ei side som kan hjelpe deg å navigere i den aktuelle panteboka. Ikkje alle pantebøker har innhaldsside. Dette avheng av kva for informasjon som vart registrert for panteboka i samband med digitaliseringa.

Skjermbilete av innhaldssida frå den digitale panteboka frå Borge tinglag

Figur 1: Utdrag av søkeresultat for pantebøker frå Borge. Lenke til innhaldsside markert med raudt.


I figur 2 kan du sjå eit døme på ei innhaldsside. Til høgre ser du boksen "Kildeinformasjon", som du kan lese meir om her (tekst kjem etterkvart). Til venstre ser du boksen "Innhold". Denne boksen er sortert på fylke (1. nivå), embete (2. nivå), årstal og skildring (3. nivå), og månad eller dagboknummer-intervall (4. nivå). Nivå fire i trefflista på innhaldssida vil altså variere etter korleis panteboka er ordna.

Viss panteboka er ordna etter dagboknummer, vil du for kvart dagboknummer-intervall sjå kvite boksar for kvart dagboknummer og årstal som er registrert i panteboka (sjå figur 2). For å velje eit dagboknummer og årstal trykkjer du på den kvite boksen. Du vil då få opp biletet for fyrste innføring i panteboka med dette dagboknummeret i dette året, og du vil kunne bla vidare i denne panteboka.

Skjermbilete for innhaldssida til den digitale panteboka for Alta kommune

Figur 2: Innhaldsside for pantebok frå Alta. Panteboka er ordna etter dagboknummer

Viss panteboka er ordna etter månader, vil du for kvar registrerte månad sjå kvite boksar for kvar tinglysingsdato som er registrert i panteboka (sjå figur 3). For å velje ein dato trykkjer du på den kvite boksen. Du vil då få opp biletet for fyrste innføring i panteboka på denne datoen, og du vil kunne bla vidare i denne panteboka.

Skjermbilete for innhaldssida til den digitale panteboka for Alta kommune

Figur 3: Utdrag av innhaldsside for pantebok frå Alta. Panteboka er ordna etter månader