Når du har gjort eit søk etter panteregister og fått ei treffliste, vil du kunne sjå om panteregistera er registrerte for eigedomssøk eller ikkje. For kvart panteregister i trefflista vil det liggje eit forstørringsglas i sjuande kolonne (sjå Figur 1). Viss forstørringsglaset er grått, er panteregisteret ikkje registrert for eigedomssøk. Viss forstørringsglaset er blått, kan du søke etter eigedomar i panteregisteret ved å klikke på forstørringsglaset. Du vert då sendt til eigedomssøket.

skjermbilde for skannet tinglysingsmateriale, treffliste

Figur 1: Utdrag av søkeresultat for panteregister i Aurland kommune. Døme på eitt grått og eitt blått forstørringsglas markerte med raudt.

I eigedomssøket er det no komen ein ny knapp nedst i søkefeltet (markert med raudt i Figur 2). Denne knappen viser at du søker etter eigedom i eitt einskild panteregister.

skjermbilde for skannet tinglysingsmateriale, søkeskjema

Figur 2: Søkeskjema for søk etter eigedomar i eitt einskild panteregister.

Du kan no gå fram på vanleg måte for å søke etter eigedomar i panteregisteret. Du kan óg søke utan å fylle ut andre søkefelt. Resultatet vil då bli ein totaloversikt over kva for eigedomar som finst i panteregisteret. For å søke etter eigedom i fleire panteregister samstundes klikkar du på 'x' (på den nye knappen) for å kome til standard eigedomssøk. For å kome attende til panteregistersøk må du bruke tilbake-knappen i nettlesaren.

Frå eigedomssøk til panteregistersøk

Viss du har inkludert kommune i eigedomssøket, vil du øvst i søkeresultatet (i den gule boksen) få informasjon om kor mange panteregister som ikkje er med i eigedomssøket. I tillegg vil du få opp ei lenke til alle panteregister som dekkjer den/dei valde kommunen/ane (markert med raudt i Figur 3). Viss du trykkjer på denne lenka vert du send til søkeresultatet i panteregistersøket, og du kan sjå kva for panteregister som ikkje er registrerte for eigedomssøk (markert med grått forstørringsglas i sjuande kolonne) og kva for panteregister som er registrerte for eigedomssøk (markert med blått forstørringsglas i sjuande kolonne i trefflista) (sjå Figur 1).

skjermbilde for skannet tinglysingsmateriale, treffliste

Figur 3: Utdrag av søkeresultat for eigedomssøk. Overgang til panteregister er markert med raudt.