Denne rettleiinga tek for seg søk etter eigedom i det skanna materialet som ligg under Skannede arkiver.

Viss du ynskjer å søke i panteregister etter ein eller fleire eigedom(ar), kan du nytte eigedomsinngangen på hovudsida. Då vel du lenka som heiter "Eiendomssøk" under "Panteregistre" i boksen "Tinglysingsmateriale" (sjå figur 1).

Merk at ikkje alle panteregister er registrerte for eigedomsinngangen på noverande tidspunkt. For å få ei oversikt på kommunenivå over panteregister som manglar og panteregister som er registrerte, sjå rettleiing (kjem).

skjermbilde for søk etter eiendom

Figur 1: Eigedomsinngangen


Søkeskjema

Du har høve til å gjere fleire val i søkeskjemaet (sjå figur 2). For å få treff på søket må minimum eitt felt vere fylt ut. Alle felt kan kombinerast med kvarandre.

skjermbilde søkeskjema eiendomsinngang

Figur 2: Søkeskjema eigedomssøk

Kommune
Alle registrerte eigedomar er plasserte i den kommunen dei høyrde til i 1947. Unntaket er Finnmark, som ikkje fekk gards- og bruksnummer før på 1980-talet. Du kan avgrense søket ved å velje "Kommune" i nedtrekksmenyen.  Alle kommunar som har registrerte panteregister for eigedomssøk vil kome opp i nedtrekksmenyen. Det er likevel ikkje alle kommunar som har registrerte panteregister på noverande tidspunkt. Finn du ikkje kommunen du leitar etter, lyt du sjølv bla i panteregister for å finne eigedomen du ynskjer å finne ut meir om (rettleiing kjem). Då vel du "Velg et annet søk" for å kome attende til hovudsida.

Gårdsnr, Bruksnr, Matrnr, Løpenr og Annet nr
Viss du har kjennskap til numerisk informasjon om eigedomen du er på jakt etter skriv du han inn i tilhøyrande felt i søkeskjemaet. Merk at alle numeriske søkefelt berre søker på talverdi. Har du korkje kjennskap til gards- og/eller bruksnummer eller matrikkel- og/eller løpenummer, kan du freiste eit søk i "Annet nr". Dette feltet kan gje treff på tomtenummer, matrikkelnummer, løpenummer eller branntakstnummer i byane, og eventuelt andre nummer som er registrerte i panteregistra. 

Eiendommer uten registrert gårdsnr
Dei fleste eigedomar som er registrerte for eigedomssøk har gards- og bruksnummer. Det fins likevel nokre unntak. I panteregister frå tida før matrikuleringa i 1886 finn ein ikkje alltid gards- og/eller bruksnummer. I slike tilfelle kan matrikkel- og/eller løpenummer vere registrerte. Byområde vantar gards- og bruksnummer. I tillegg vil områder som har vorte innlemma i by før 1947 mangle gards- og bruksnummer. I søkeskjemaet kan du søke på eigedomar utan registrert gards- og bruksnummer ved å huke av i boksen for "Eiendommer uten registrert gårdsnr". 

Eiendomsnavn/Gatenavn
Kjenner du namn på ein gard, eit bruk eller har anna adresseinformasjon kan du prøve eit fritekstsøk. Sidan eit namn kan skrivast på mange ulike måtar i kjeldene er det nyttig å kjenne til jokerteikn i samband med fritekstsøk.

Søkeresultat

Søkeresultatet innheld informasjon knytt til sjølve søket i tillegg til trefflista (sjå figur 3). Øvst, i den gule boksen, får du informasjon om kor mange treff søket ditt har fått. Viss du har vald kommune i søkeskjemaet vil du i tillegg få informasjon om panteregister som ikkje er registrert for eigedomssøk, og du får ei lenke til alle panteregister som høyrer til den kommunen du har søkt på.

Trefflista er sortert på fylke (1. nivå), kommune (2. nivå) og stigande gards- og bruksnummer (3. og 4. nivå). Eigedom utan gards- og bruksnummer kjem sist i lista.

Du les trefflista slik:

  1. kolonne: bruksnummer
  2. kolonne: namn knytte til eigedomen
  3. kolonne: anna numerisk informasjon knytt til eigedomen
  4. kolonne: panteregisteret der eigedomen er registrert
  5. kolonne: sidenummer i panteregisteret der eigedomen er registrert (dette er lenkje til biletet)
  6. kolonne: kildeinformasjon (trykk på "i")
skjermbilde for treffliste til eiendomssøk

Figur 3: Søkeresultat eigedomssøk