I Digitalarkivet er vi særs glad i debattforaa og at det er så mange flinke deltakarar der. Spørsmåla er synlege i eit ope forum kor veldig mange båe les og svarar. Mange av dei svara som blir gitt kan vere til nytte for andre óg. Forumet blir såleis ein unik kunnskapsbase som alle er tent med.

Diskusjonane er fordelt over fleire fora:

Oversikt over tilgjengelege fora for Digitalarkivet

Brukernes eget forum  er ein plass kor du kan stille spørsmål til/diskutere med andre brukarar i Digitalarkivet. Til dømes kan det vere spørsmål knytt til andre kjelder enn dei som er i Digitalarkivet, etterlysing av personar (ikkje levande), diskusjonar om lokalhistorie, gardshistorie, gamle tradisjonar og liknande. Digitalarkivet tar ikkje på seg å svare på spørsmål i dette forumet då det er brukaranes eige forum, men nokre gangar vil du finne svar frå nokon i Digitalarkivet eller Arkivverket. Det er ikkje lov å leggje ut opplysingar om levande personar utan deira samtykke. Ein skal heller ikkje etterlyse levande personar. Når ein etterlysar informasjon om døde personar er det eit føremon å ha namn, prestegjeld/kommune, årstal eller anna nyttig avgrensing, i emneoverskrifta. Gå til forumet

Tyding av skannede kilder   er for å be om hjelp til vanskeleg handskrift i dei skanna kjeldane i Digitalarkivet. Det vil i hovudsak vere brukarar som hjelper kvarandre. Legg ved lenke til den aktuelle sida som skal tydast, hugs linjenr/løpenr, så blir det lettare å finne fram for dei som vil hjelpe. Gå til forumet

Kilderegistrering  er for dei som registrerar kjelder. Her kan ein utveksle erfaringar og stille spørsmål til båe Digitalarkivet og andre brukarar. Spørsmål om Kyrre (Standard for registrering av kyrkjebøker i Noreg) kan óg stillast i dette forumet, men konkrete forslag til endringar i standarden sendast til Digitalarkivet på e-post (digitalarkivet@arkivverket.no). Gå til forumet

Spør Digitalarkivet  er forumet for å komme i kontakt med Digitalarkivet. Forumet er delt i fleire undergrupper og blir lest og svart av forskjellige tilsette i Arkivverket avhengig av ansvarsområde:

  • Spørsmål om skannet materiale  tar for seg tenestene for skanna kyrkjebøker, skifter, pantebøker, tingbøker mm. Her er det i hovudsak Seksjon for digital tilgjengeliggjøring i Riksarkivet som svarer. Seksjonen svarer på spørsmål og kommentarar knytt til det skanna materialet, og dei har ikkje detaljoversikt over kva som finnes av originalt materiale i statsarkiva. 
  • Spørsmål om transkriberte materiale  tar for seg dei søkbare dataa og avskriftene i Digitalarkivet. 
  • Under Andre spørsmål til Digitalarkivet  kan en spørje og kommentere alt anna som har med Digitalarkivet å gjere. Dei to sistnemnde fora blir i hovudsak betent av Digitalarkivets stab i Bergen. 

Gå til oversikt over foraene