Opningsplakat: ”Arkivverket presenterer: Digitalarkivet for begynnarar”

Scene 1:
”I Riksarkivet og statsarkiva finn vi fleire tusen hyllemeter med kjeldemateriale. Det kan vere nyttig når du vil finne ut meir om slekta di. Mange av kjeldene kan du studere heimanfrå i di eiga stue.”
Scene 2:
”Dette er Digitalarkivet. Her finn du ei rekkje av kjeldene i elektronisk form. Digitalarkivet inneheld historiske folketeljingar, kyrkjebøker, tinglysingsmateriale, skiftemateriale, emigrantprotokollar og mykje anna.”
Scene 3:
”Dette er ei folketeljing frå 1865. Her har kvar familie fylt ut kor mange som bur i husstanden. Denne lista viser fleire familiar som budde i den same oppgangen i ein bygard i Kristiania.
Scene 4:
”Her ser vi den same lista frå folketeljinga i 1865, men nå i skanna utgåve på Digitalarkivet. Mange av kjeldene i Digitalarkivet er skanna. Det vil seie at vi har teke eit bilete av kvar einskild side i kyrkjeboka og lagt det ut på nettet .”
Scene 5:
”Her ser vi den same oppføringa frå folketeljinga éin gong til, men nå i transkribert utgåve. Det vil seie at kjeldematerialet er skrive av og så ført inn i ei digitalisert, søkbar liste. Folketeljingane er skrive ordrett av. Difor vil eventuelle skrivefeil og andre manglar òg finnast i den digitale versjonen.”
”Fordelen med transkriberte kjelder er at dei er digitalt søkbare med nokre få tastetrykk.”
Scene 6:
”Dette er ei kyrkjebok frå Skjeberg i Østfold frå 1846. Kyrkjebøkene er delt inn i emne: Døypte, konfirmerte, gifte, gravlagde og vaksinerte.”
”Her ser vi ei liste over konfirmerte jenter i Skjeberg i oktober 1846. Legg merke til det øvste namnet: Marie Andreasdatter frå Prangerød.”
Scene 7:
”Kyrkjebøkene finn du òg i Digitalarkivet. Dei aller fleste kyrkjebøkene er skanna. Fordi dei ikkje er søkbare, må du leite i kjeldene ved å bla deg gjennom sidene i den aktuelle kyrkjeboka, akkurat som om du les i originalen.”
”Her ser vi Marie igjen øvst på lista!”
Scene 8:
”Men òg nokre av kyrkjebøkene er skrivne av på same måten som folketeljinga vi såg på. Det tyder altså at du kan søke i dei, og at informasjonen er lettare tilgjengeleg.”
”Slik ser treffet for Marie Andreasdatter ut i den transkriberte kyrkjeboka frå Skjeberg.”
Scene 9:
”Med eit enkelt søk kan du søke gjennom alle dei transkriberte kjeldene i Digitalarkivet, slik som folketeljingar, transkriberte kyrkjebøker, emigrantprotokollar med meir.”
Scene 10:
”I det avanserte søket kan du avgrense søket ditt – til dømes på geografi, tidsperiode eller kjeldetype.”
Scene 11:
”Likevel: Digitalarkivet er ikkje ein søkemotor der du får informasjon om deg og slekta di i eit enkelt søk. Digitalarkivet er derimot eit verktøy der enkeltkjelder er gjort tilgjengelege slik at du enkelt kan leite i dei sjølv.”
Scene 12:
”Her ser du til dømes resultatet av eit søk etter ein mann med namnet Mathias Kristian Mathiasen Nordaas frå Bergen. Nummer ein, to og fire på denne lista er faktisk den same personen. Men namnet er stava på forskjellig måte i dei ulike kjeldene.”
”I folketeljinga i 1900 blei han til og med talt to gonger – og med to ulike fødestader.”
”Dette dømet viser nokre av problema du kan møte når du jobbar med Digitalarkivet. Historiske kjelder kan innehalde feil og ting som verkar uklart. Namn kan vere stava på fleire ulike måtar.”
Scene 13:
”Har du fleire spørsmål til korleis du kan bruke og søke i Digitalarkivet kan du sjå her. Lykke til vidare!”