Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

"Dette er vervarslinga på Vestlandet" - Spor i arkiva

Arkivdagen 2010 har tema "Alle snakkar om været (og vi vet hvordan det var)." Statsarkivet i Bergen presenterer derfor her diverse kjelder og skrifter som tar for seg vêret og vitskapen om veret opp gjennom tidene.

Alle kan vel formelig høyre tittelen slik han vart tala på radio då vervarslinga stod for tur. Me er og har alltid vore særs oppteken av regn. Sjølv om me ikkje har yrker eller ei livsform som krev at me må ta stilling til vêret, er me ikkje nøytrale til det av den grunn.

Foto av "Geofysen" i Bergen - tilholdssted for værvarslingen holder til

Flyfoto av "Geofysen" (Geofysisk Institutt) i Bergen. Allegaten 70. Bygget i 1928. VpV (Værvarslingen på Vestlandet) var leietaker i bygget fra oppstarten av under ledelse av Jac. Bjerknes.

Går med attende i historia finn me bevis for at vêret var endå viktigare. Bønder og fiskarar merka seg vêr og klima, dei lærte seg å lese teikna i naturen. Dei som var avhengig av vervarsling, måtte vente til 1866 før Metorologisk institutt vart oppretta. Her sørga professor Henrik Mohn for rutinar for vær- og klimaobservasjonar og kunne etterkvart kome med stormvarsel og daglege vervarsel. Likevel, først med Bergensskolen fra 1917 og professor Vilhelm Bjerknes tek praktisk vervarsling form.

Statsarkivet i Bergen har arkiva frå Bergensskolen, i tillegg har me kjelder som fortel om andre typer vêrobservasjonar frå før Bergensskolen. Me har vald å presentera vervarslingshistoria frå arkiva våre i to presentasjonar:

Verobservasjonar i gamle dagar

og

Bergensskolen - et meteorologisk fenomen




.