Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Stemmeretten kunne etter paragraf 52 i Grunnlova tapast om ein vart sett under tiltale, gjekk fallitt, eller på annan måte mottok offentleg stønad.

I manntalet for Etne er det berre ein som fekk stemmeretten formelt suspendert, etter å ha fått dom til straffarbeid. Men det var svært mange som vart strokne av manntalet og mista stemmeretten etter at dei ikkje lenger fylte kravet om å sitte med matrikulert jord: dei hadde "Afstaaet Gaarden».  Det gjaldt heile 45 (67%) av dei som hadde fått stemmerett i 1814.  Tre av dei hadde flytta, berre 19 av dei stod i manntalet til dei døydde.

Slik reglane for å få stemmerett var på 1800-talet, var det ikkje så stor fare for at ein skulle få stemmeretten suspendert. I 1899 fekk menn allmenn stemmerett, og då vart det straks mange fleire som kunne tape sin rett etter reglane i paragraf 52. I 1900 var heile 5,5% av dei som kunne stått i manntala i Noreg suspendert, dei aller fleste fordi dei var fattige.

Mange kvinner hadde fått stemmerett ved Stortingsvalet i 1909, og ved valet i 1915 hadde kvinnene i Noreg fått allmenn stemmerett. Men talet på suspenderte var då heile 47.692, 4,4% av alle over stemmerettsalder. Av dei suspenderte var over 30.000 kvinner. I 1921 vart reglane endra. Det var ikkje lenger grunn for suspensjon om ein hadde motteke offentleg stønad/pensjon, og talet på suspenderte gjekk kraftig ned.

I rettsoppgjeret etter krigen var tap av stemmerett ein av dei vanlegaste reaksjonsmåtane, og i 1945 hadde 38.031 fått stemmeretten suspendert. Men det var likevel ikkje meir enn 1,9% av dei manntalsførde.



.