Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

I åra etter synest interessa for å registrere seg i manntalet ha vore mindre.

Kor mange registrerte seg i stemmerettsmanntalet etter 1814?

År

Tal

1815-1819 0
1820 4
1825 2
1826 6
1827 8
1828 8

I 1828 hadde 95 menn i Etne stemmerett. Folketalet var då rundt 2000, slik at vi kan rekne med at om lag 4,8% av befolkninga i Etne hadde stemmerett i 1828. Det ligg litt under landsgjennomsnittet (5,6%), men berre litt.  Vi kan rekne med at det kom til 4-5 nye gardbrukarar i året i Etne i denne perioden. I snitt var det berre to i året som avla eid og registrerte seg i manntalet.

Manntalet for Etne i futearkivet har opplysningar opp til 1885. For å få stemmerett måtte mennene sitte med matrikulert jord, og dei måtte vere fylt 25 år. Vi ser at det var stort spenn i alder når dei avla eid og registrerte seg. Tor Hadlesen på Auastad hadde vore gardbrukar og sjølveigar i 22 år då han omsider gjekk til sorenskrivaren og avla eiden i 1840, 60 år gammal. Den eldste i Etne som registrerte seg var Haktor Halvorsen Rame, 63 år gammal då han fekk namnet sitt i manntalet i 1844. Han hadde fått seg bruk på Rame i 1840, men hadde tidlegare hatt gard både på Onstein og Aukland. Snittalderen i Etne var 33,8 år ved registrering. Sidan dei fleste tok kår og mista stemmeretten, ser vi at dei fleste med stemmerett i Etne berre hadde den i mellom 20 og 30 år.

Både i Etne og i Noreg fall andelen som oppfylte krava for stemmerett utover på 1800-talet. Rundt 1880 var landsgjennomsnittet godt under 5%. Samstundes var slik at under halvparten av dei som stod i manntalet faktisk nytta stemmeretten. Dette endra seg i åra fram mot 1884. Den politiske interessa og aktiviteten auka. Ved valet i 1882 var deltakinga oppe i 72,5%, og det var i gang arbeid for å auke andelen som var kvalifisert for deltaking. I 1890 drøfta Stortinget allmenn stemmerett, for både kvinner og menn. Mennene fekk det i 1899, kvinnene i 1913.



.