Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Sirkulære til biskopane frå Noregs regent Christian Frederik, med påbod om å halde bededag med gudsteneste og val. Sirkulæret er underteikna ”Regentskabet i Norge, Christiania den 19. Februar 1814”.

Sirkulæret beskriv korleis folk i Noreg skal samlast i ”Guds Templer” for å høyre kunngjeringane frå kong Frederik 6. og frå han sjølv, regenten. Ramma rundt skulle vere ei særskilt bededagsgudsteneste. Christian Frederik beskriv innhaldet i gudstenesta punkt for punkt, med eidsavleggjing og til sist val av valmenn. Kvart prestegjeld skulle utgjere ein valkrets, og reglar for kven som var valbar står også i sirkulæret. Biskopane skulle sjølv sende det opne brevet og kunngjeringa av 19. februar ut til alle prestane i stiftet sitt (bispedømmet), slik at prestane kunne kalle inn til bededagsgudstenesten.



.