Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Befaling til Søetaten i det militære om eidsavleggjng og val

Befaling frå Noregs regent og hærførar Christian Frederik til sjøetaten i det militære om eidsavleggjing og val, befalinga til Fredriksvern verft.

Befalinga til sjøetaten er stort sett identisk med den til landetaten. Den du ser er retta til Fredriksvern verft, og helsinga lyder  ”Brave Søekrigere!” Mannskapa ved alle verft og briggar skulle samlast i oppstilt krets, og så skulle alle kunngjeringar og opne brev lesast høgt. Dernest skulle alle sverje eiden og til sist velje to valmenn: ein norskfødd offiser og ein underoffiser eller matros. Den siste måtte vere gardeigar og over 25 år. Valmennene skulle så møtast hos den øvste, militære leiinga for å velje ein offiser og ein frå den andre gruppa til å representere verftet eller briggen i riksforsamlinga på Eidsvoll. Ordninga førte til at hær og flåte var representert med 33 av dei 112 representantane.

Arkivreferanse: Forsvaret, Fredriksvern verft. RA/RAFA-1899/Da/L0058 Innkomne brev.



.