Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

NS-regimet møtte sterk motstand på mange forskjellige måtar. Nokre nordmenn viste samhold og vilje til motstand med binders eller mai-blomst i jakkeslaget eller raud topplue på hovudet. Organiserte grupper så vel som enkeltpersonar dreiv med væpna aksjonar og forskjellige former for illegalt arbeid. For enkelte blei det viktig å få motstandaren direkte i tale, mens andre gjorde sitt med deltaking i farefulle sabotasjar.

Klar tale


Ingrid Bjerkås var 39 år gamal, gift tobarnsmor og busett i Bærum då krigen kom til Noreg. I 1942 forfatta ho eit brev til Quisling med beskjed om at han måtte trekke seg mens det ennå var tid, og sørgje for oppløysing av NS. Ho fekk ikkje svar og sende eit nytt brev med same bodskap. Då kom det svar, fru Bjerkås sin mentale tilstand skulle kartleggjast. Den framståande NS-legen Hans Eng utarbeidde ein psykiatrisk rapport der ho blir karakterisert som ”jøssingismus psykopatica”. Etter eit nytt klagebrev i 1943, denne gongen til Reichskommissar Terboven, blei ho arrestert og sett inn på Grini. Ingrid Bjerkås blei seinare kjend som den første kvinnelege presten, utnemnt i 1961. Her kan du sjå brevet til Quisling, dr. Eng sin psykiatriske rapport, brev frå Grini og ”Kontrollbok for Krigsskadelidte”. Til dokumenta om Ingrid Bjerkås



Sabotasjeforsøk ved Bergensbanen


Under inspeksjon av jernbanelinja like ved Heldal stasjon utanfor Bergen 24. november 1943 fann ein baneformann ein kasse under ei av skjenene. Politiet blei varsla og kassen viste seg å innehalde ei udetonert bombe. Statspolitiet starta straks etterforsking. Vel eit år seinare blei saka bortlagd og saksdokumenta arkiverte ved Statspolitiet sitt hovudkontor. I ettertid veit me at det var dei to motstandsfolka Norman Iversen og Rolf Olsen frå Asbjørn Sundes kommunistiske ”Osvald-gruppe” som sto bak dette mislykka sabotasjeforsøket. Målet var å ramme eit tog med tysk troppetransport. Til dokumenta om sabotasjeforsøket





Sabotasjeaksjon i Grensen 17, Oslo


Elleve minuttar over klokka eitt, natt til torsdag 8. juni 1944, eksploderte ein kraftig sprengladning i ein bygard i Oslo sentrum. NS-styresmaktene planla å kalle inn tre årsklassar norsk ungdom til arbeidsmobilisering og holkortmaskinar blei nytta til registrering. Motstandssida frykta at det eigentlege målet var å setje ungdomane inn i krigsteneste for tyskarane. Holkortmaskinane måtte difor øydeleggast.

Ei motstandsgruppe lukkast med å sprenge registreringsmaskinane hos eit firma i Nedre Vollgate. Styresmaktene tok då i bruk to liknande maskinar hos forsikringsselskapet Norske Folk i Grensen 17. Dei sto i femte etasje og hadde fast politivakt døgnet rundt. Den 3. juni blei det gjort eit mislykka forsøk på å sprenge maskinane. Få dagar seinare prøvde Birger Rasmussen, Gunnar Sønsteby og William Houlder seg med eit nytt forsøk. Sabotørane tok seg då opp på taket via eit nabohus og ned ei baktrapp i nummer 17. Sprengladningen blei plassert i rommet over maskinane og sabotørane tok seg ut igjen same vegen dei kom. Like etter gjekk ladningen av. Det gjekk hol i golvet ned til rommet der holkortmaskinane sto og dei fekk store skader.

Les avhøyrsrapportar og notat og sjå planskisser over bygningen og fotografi frå skadestaden. Til dokumenta om sabotasjeaksjonen i Grensen



.