Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Frå Tysvær, Lars Hertervig, fotograf Jacques Lathion, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Frå Tysvær, Lars Hertervig, fotograf Jacques Lathion, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design


I 1844 vedtok Stortinget ei lov som tillet organiserte dissentersamfunn – 30 år etter 1814. Eit drygt steg vart teke mot religionsfridom. Kvekarleiaren i Stavanger, Elias Tastad, skreiv takkebrev til Kongen.

I 1845 blei dissenterlova sanksjonert, og i 1851 blei ”jødeparagrafen” i Grunnlova fjerna. Men først meir enn hundre år seinare, i 1956, blei forbodet mot jesuittar oppheva.

I arkivet etter Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt kontor for kyrkje og geistlegheit, i ei pakke om dissenterlova, ligg denne petisjonen frå engelske kvekarar, eller medlemmer av ”Vennenes samfunn”, dagsett 3. januar 1845. Petisjonen blei sendt til støtte for deira norske trusfellar. I 1845 budde mange av dei i Tysvær. Far til målaren Lars Hertervig var kvekar.



.