Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Norske Kvinners Sanitetsforening - ei drivande kraft innan helsearbeidet

Frå tidleg på 1900-talet engasjerte kvinnene seg sterkt i helsearbeidet. I åra etter 1902 vart tuberkulosearbeidet det viktigaste satsingsområdet for den nasjonale sanitetsforeininga, NKS, stifta 1896. Dei følgjande åra vart det danna sanitetsforeiningar i alle byane og i dei fleste bygdene i fylket. Lokalforeiningane tilsette sjukepleiarar til stell av tuberkulosesjuke i heimane. Men sanitetskvinnene gjekk vidare. Dei bygde både sjukehus og fleire kvile- eller rekonvalesensheimar for tuberkulosesjuke.

I Rogaland hadde til dømes dei to sjukehusa deira, Kopervik sykehus og Haugesund revmatismesykehus, også avdelingar for tuberkulosesjuke. Etter at tuberkulosen gjekk tilbake, engasjerte sanitetskvinnene seg mellom anna i arbeidet for folk med revmatiske lidingar. Sanitetsforeiningane dreiv dessutan fleire fødeheimar og helsestasjonar for mor og barn. Haugesund Sanitetsforening og Stavanger Sanitetsforening var mellom dei mest aktive foreiningane i landet på desse områda. Foreiningane engasjerte seg også i sjukepleiarutdanninga og i fleire typar førebyggjande helsearbeid.

I 1925 opna Kopervik Sanitetsforening eige sjukehus i Kopervik, det første og einaste på Karmøy. Sjukehuset fekk tilbygg i 1930 og eiga tuberkuloseavdeling. I slutten av 1950-åra hadde sjukehuset 18 senger.Foto: Ukjend. Statsarkivet i Stavanger.

Her ser me personalet i 1930. Foto: Ukjend. Statsarkivet i Stavanger.

 

I 1957 opna Haugesund Sanitetsforening det store revma-tismesjukehuset sitt ved sida av Haugesund Sykehus. Hauge-sund Sanitetsforenings Revmatismesykehus var det største spesialsjukehuset på dette området utafor Oslo og hadde også eiga tuberkuloseavdeling.

Dette postkortet viser sjukehuset som nytt med det kommunale sjukehuset til venstre. Foto: Jensens Foto. Karmsund Folkemuseum.

Frå slutten av 1800-talet skjedde det ein sterk vekst i folketalet. Dette førte også til ein tilsvarande vekst i både offentlege og private helsetilbod. I andre halvparten av 1800-talet fekk Haugesund eit lite privat sjukehus, Vårsildavgiftsfondets Sykehus, eit tilbod for dei mange fiskarane som kom til Haugesund-området i fiskesesongen. I 1926 fekk Sauda eige sjukehus som smelteverksbedrifta åtte.

Mellom dei private foreiningane merka Nasjonalforeningen for folkehelsen seg ut. Foreininga vart stifta i 1910 og hadde tuberkulosearbeidet som hovudoppgåve dei første åra. Lokalforeiningar i fylket, privatpersonar og også organisasjonen Røde Kors dreiv mellom anna rekonvalsesensheimar for tuberkulosesjuke eller kuranstaltar for folk med revmatiske lidingar. Røde Kors Sanatorium på Hiimsmoen og Stavanger Tuberkuloseforening sitt sanatorium på Lindum var velkjende tuberkuloseheimar i si tid. Kyrkje- samfunn utanom statskyrkja dreiv spesialsjukehus og kuranstaltar. I Stavanger hadde den katolske kyrkja sjukehus, og i Haugesund dreiv adventistsamfunnet tidleg eige kurbad.

Frå Stavanger Sanitetsforenings sykepleieskole. Foto: W. Eide. Stavanger Sanitetsforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Kvinne-klinikken låg også på eigedomen til sanitetsforeninga i Madlaveien 13. Foto: W. Eide. Stavanger Sanitetsforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Dei to siste fotografia frå om lag 1950 viser elevar under opplæring på ein av sengepostane og sjukepleiarar på barselavdelinga.



.