Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
postkort frå ulykkesstaden i Loen

Postkort frå ulykkesstaden i Loen. Garden Ytre Nesdal låg i framgrunnen til høgre.

Reiser du inn Nordfjord så langt den går, kjem du til Loen eller Lobygda som det heiter lokalt. Følgjer du vegen vidare opp langs elva, kjem du etter nokre kilometer til Vassenden. Herfrå strekkjer det smale Loenvatnet seg ei god mil søraust mot Kjenndalen – ein av dalane opp til Jostedalsbreen.

Loenvatnet er omkransa av eit høgt fjellmassiv med toppar som er opp mot 2.000 meter høge. Langs strendene på austsida og heilt i sør finst det ”oasar” med dyrkbar jord. Her har folk frå uminnelege tider freista å livnæra seg av det jorda kunne gje. Men dei har levd farleg. Somme vintrar har ”storfonna” kome fleire stader i dalen og feid unna både livsverket til fleire generasjonar og folket som budde der. Og minst tre gongar dei siste hundre åra har Ramnefjellet sendt store steinblokker nedover fjellsida mot vatnet. Ved to tilfelle, i 1905 og 1936, vart fleire bygdelag teke av flodbølgja. Den siste gongen eit storras gjekk, i 1950, var vatnet så oppfylt med stein at bølgja knapt skvalpa langs strendene.

Lodalen vart tidleg eit mål for utanlandske turistar. Så tidleg som i 1830-åra byrja dei å trekka til den naturfagre dalen og breen innanfor. Over vatnet fekk dei først skyss med robåt. Men omkring 1890 kom den første dampbåten. I 1902 vart denne skifta ut med ein større båt, ”Lodalen”. Denne låg i opplag i eit naust mellom Bødal og Nesdal vinteren 1904/05.



.