Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Allerede dagen etter frigjøringen, gikk det ut en kunngjøring til byens befolkning fra norske styresmakter. Det ble også delt ut hefter om hvordan overgangen til fredstilstand skulle bli gjennomført.

Umiddelbart i dagene etter frigjøringen var det nok gleden som dominerte framfor det praktiske. Vi låner ordene til Agnes Tertnes for å beskrive hvordan det føltes da freden kom til Bergen.


Agnes Tertnes: Då freden braut ut

Eg var framleis "pie" på Kalfaret - då freden braut laus. Den 7. mai skulle eg til tannlegen. Det var om ettermiddagen eg stega avgarde nedetter Kalfarbakken - litt redd for tannlegeboret. Eg trudde ikkje mine eigne augo då eg kom fram der tannlegen heldt hus. Småunger gjekk i prosesjon, med flagg i hendene - som om det var 17. mai. Tannlegen stod smilande på troppa utfor huset og tok mot meg. På taket blakre det norske flagget. Eg såg visst litt handfallen ut - men tannlegen ropa til meg: "Det er fred! Det er fred!" "Fred" - sa eg, og såg litt uforståande ut. Eg hadde "time" og kom meg inn i stolen. Men tannlegen min, ein mykje snill, kvithåra herre - og eg, ei strilejente, og "pie" i byen hadde so mykje "fred" å prata, at eg kunne ikkje gapa opp.

Men - kva gjorde det? Det kom dagar etter denne. Ja, det skal eg seia det gjorde! Fredsdagane så å seia stod i kø. Først dagen etter - den 8. mai. Den som opplevde denne dagen kan aldri gløyma han. Folk gjekk som i svime - rusa av fred. Til Torgallmenning som alltid var, og er, Bergen si opne stor-stove strøymde folk til. Høgtalarar ropa ut den store gleda om fred. På ein av butikkveggene hang eit "fotsidt" bilete av Kong Haakon. Sjølv stod eg på hjørnet av Ole Bulls plass og såg over folkehavet.

I år 1985 til minne om 40 år med fred, skreiv eg dette diktet som eg legg ved. Eg prøver å tolka stemninga som rådde på Torgallmenningen nett då.

Ja, du store tid!!

8. mai

Det var eingong ein vår

som aldri ut or minnet går.

Det er den våren me fekk fred,

og våpna dei vart lagde ned.

Me stod der alle tett i tett

og kunne ikkje sjå oss mett

på flagget som var heist på stong - me gret og lo – alt på ein gong.

I slik ei stund - vart flagget tolk -

dei tala for sitt norske folk.

Dei veiva mot ein himmel blå

den takk me alle kjende på.

Det var i mai - nett slik som no

at folket jubla, song og lo.

Det heile var eit eventyr -

og freden den var ung og yr.*

I atterklangen frå vår fridomsvår

me høyrer omen - etter 40 år:

No har me fred! No er me fri!
Du store tid!

Agnes Tertnes

mai og dagane som fulgte....

Om kvelden for opplyste trikkar gjennom gatene. Eg var vitne til at lasete blendingsgardiner vart rivne frå trikkevindaugo. Reklamelysa tok til å blinka att. Her og der mangla ein bokstav, men pytt - kva gjorde det! Eg såg nokre ravande fulle tyske soldatar - men dei var neppe i festrus. Ja, tyskarane ja, dei var no vortne null og niks. Ingen hadde redsle for dei meir. Me kunne gå ikring, fortelje einannan nytt - på open gate. Utruleg!

Motstandsmennene i Bjørn West.

Fra 17. mai i Bergen 1945. Motstandssoldater under Bjørn West. Kilde: Statsarkivet i Bergen

Ei veke etter, kom den store 17. maien - den største eg har opplevd. Frå bygdene ikring strøymde folk til Bergen. Dei hadde vore på kistebotnane og funne fram bunader. Så mange bunadkledde har eg aldri sett i Bergen, korkje før eller sidan. Då prosesjonen kom nedetter torget, stod eldste bror min og eg ved Børsbygningen. Eg hugsar tid og stad - det er som prenta i minnet. Det var ein uvanleg prosesjon, med motstandsfolk. Bjørn West, Heimefront. Eit gripande syn. Eit krigsskip frå England låg ved kai i Bergen denne dag. Skulekameraten min, Andreas, han som reiste vest med "Odin" var ombord i dette skipet. Andreas gjekk med i 17. maiprosesjonen. Me var vel helst av den stille sorten bror min og eg. Men - då me stod der og såg Andreas, i stram uniform, passera forbi, då laut me skrika: "Andreas! Andreas!" Det var ubeskriveleg. Det vart folkevandring til krigsskipet på hamna. Då eg var ombord, stod Andreas vakt ved ei av kanonene.
Dette var korkje tid eller stad for dei store orda. Men - eg trur eg fekk ropa! "Velkomen heim" - og "takk”!

Ord trongst ikkje - dei vart så allikevel for små.


Dette minneskriftet er en del av en større samling hos Hordaland fylkeskommune.



.