Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

R. P. Thu hadde ingen omfattande atelierproduksjon i Stavanger. Han var først og fremst reisefotograf. På dette uformelle fotografiet har Bertha Kornelia slått seg ned ved eitt av dei to småborda i atelieret. Vi ser også eksempel på andre møbeltypar.

Thu flytte minst tre gonger medan han budde i Stavanger. Negativarkivet vart kanskje kasta i forbindelse med flytting. Etter at kona døydde i 1915, tok Thu ut på fotografreisene sine utafor Rogaland. I 1916 var han i Ofoten. Ein systematisk studie av annonsar i lokalaviser vil fortelja kor Thu fotograferte. Han annonserte nok på førehand når han kom til nye stader. Alle stereobileta frå distrikta langs kysten skriv seg truleg frå åra etter 1915. Tre av slektningane hans har bevart delar av slike seriar (290 er høgaste serienr.). Mellom desse finst fleire eksteriør- og interiørbilete frå kyrkjer, både i og utafor i Rogaland.

Nokre år seinare starta den omfattande panoramabilet-produksjonen. I 1921-1922 tok han fleire slike i Stavanger-distriktet. Utstyret hadde han nok kjøpt i USA. Nokre av bileta frå Rogaland vart trykte lokalt i Stavanger som tre samanbretta postkort, alle med formatet 9 cm x 14 cm. I åra 1922-1923 reiste Thu over store delar av Sørlandet og Vestlandet. Han tok panoramabilete frå bygder og gardar langs heile kysten. Det er ikkje kjent på kva måte han produserte og selde bileta. Familien hans har bevart mange små kontaktkopiar av panoramabileta, kleba opp på albumblad. Desse var kanskje reklame- eller demonstrasjonsbilete. Thu tok særleg mange panoramabilete på Karmøy, både før og etter at han og andre kona hans, Anna f. Axelsen, flytte dit i 1926. Thu dreiv då vanleg atelierfotografering i småbyen Skudeneshavn. Dette vart siste etappen på ein lang og variert fotografkarriere. Då han og kona flytte tilbake til Stavanger i 1938, selde han atelieret med negativarkivet til fotograf Karl Stava. Arkivet erksisterer ikkje i Skudeneshavn i dag.

Thu var aktiv til han døydde i januar 1946, dei siste områda på eit nytt felt. Dottersonen Roald Carlsen fortel at morfaren fekk laga og selde nåler (”buttons”) med bilete av det norske flaget eller riksvåpenet etter at krigen slutta i mai 1945. Stansene hadde han nok hatt med seg heim frå USA. Thu fekk og laga små, runde pyntespeglar (lommespeglar med diameter ca 8 cm). Desse hadde fotografi prega inn på baksida. Ein slektning av Thu hugsar at dei hadde ein spegel med bilete av morsheimen hans i Roligheden, og eit av barnebarna hadde jakkemerke med portrett av seg sjølv. Carlsen fortel at han selde nålene og speglane for morfaren rundt om i forretningane i Stavanger.

Thu fekk ein lang og aktiv fotografkarriere som også var svært allsidig samanlikna med dei tradisjonelle atelierfotografane i Stavanger. Det spesielle med Thu var statusen hans som norsk-amerikansk fotograf, at han produserte så mange ulike fotografitypar og at oppdrags- eller reiseområdet hans var så stort. Puslespelet med å rekonstruera biografien hans viser at han i alle fall budde i USA i tre periodar, i Wisconsin i åra 1883-1888, Chicago i 1890-åra og fram til 1898 og i New York frå 1903, og at han hadde med seg nytt fotoutstyr då han kom heim frå USA desse tre gongene. Det er ikkje sikkert at Thu reiste til USA for å selja og for å ta bestillingsbilete. I Hå finst det i alle fall ingen kjende USA-foto frå Thu si hand. Eg har heller ikkje sett immigrantbilete frå USA i privatheimar eller i fotosamlingar elles i Rogaland. Det spørst om ikkje Thu fotograferte i og for lokalmiljøa når han oppheldt seg i USA. I så fall hadde USA-reisene hans karakter av arbeidsvandringar, noko som var vanleg dei første tiåra av 1900-talet. Mange menn reiste til USA for å arbeida der i ein kortare periode.

Det er ikkje kjent kor mykje fotografisk materiale som er bevart etter R. P. Thu i USA. Etterkomarane i USA etter søskena hans og etter søskena til første kona kan kanskje bidra med opplysningar på dette området. Arbeidet med å rekonstruera fotografkarrieren hans i USA og i Norge er med andre ord på langt nær ferdig.



.