Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Stovemiljø på Jæren 1904

Stovemiljø på Jæren

R. P. Thu besøkte ofte morsheimen på garden Roligheden i Ogna. Dette interiørbiletet frå stova til besteforeldra er frå om lag 1904 og viser ei typisk kvardagsstove på Jæren på den tida.

Rasmus hadde nok ikkje kamera med seg då han reiste til USA første gong som nygift i 1883. Han kjøpte i alle fall fotografutstyr då han budde i USA. Kanskje tok den eigenlege fotografkarrieren til i dei norske innvandrarmiljøa i Illinois etter 1883. I morsheimen i Roligheden finst eit brev broren Kornelius skreiv til morfaren i november 1883, mindre enn eit halvt år etter at broren kom til USA. Kornelius fortel mellom anna at Rasmus arbeidde på ei papirmølle i Marseilles, men at han ikkje trudde han vart buande mange år i Amerika. Han ville nemleg reisa tilbake til Norge ”... naar han havde saa mange Penge optjænte at han kunde kjøbe Greier til at fotografere med. Det kunde hende at han treifs best naar han havde fuldstændig Udstyr, noget han har haft svært lyst til ...” (sitat frå brevet). Det var med dette utstyret Rasmus fotograferte på Jæren i 1889.

Det er uvisst om Rasmus prøvde å etablera seg som fotograf i Stavanger etterpå. Han og familien flytte i alle fall tilbake til USA etter 1892 og budde då i Chicago. Det var i desse åra han endra fotografsignaturen sin til R. P. Thu. Thu kjøpte truleg utstyr til produksjon av stereofotografi under dette USA-opphaldet. Kanskje knytta han også kontaktar med den kjende norsk-amerikanaren John Anderson, forlagsmannen og redaktøren av avisa ”Skandinaven” i Chicago. Det er i alle fall eit faktum at John Anderson produserte stereofotografi i Chicago i 1890-åra med motiv frå Stavanger. To slike med rekkjenummer 300 og 302 finst nemleg i ei av fotosamlingane ved Statsarkivet i Stavanger (SA 1981/1). Eigaren (f. 1872) budde i USA i ungdomen og kan ha kjøpte dei der.

Familien kom tilbake til Norge før Thu fotograferte på Jæren i 1898 eller 1899. Då det var folketelling i året 1900, budde familien i Stavanger, men Thu sjølv var ikkje heime. Han har yrkestittelen friluftsfotograf i folketellinga for Stavanger, som den einaste av fotografane i Rogaland (sjå også artikkelen ”Frilufts Fotograf ”Anders Beer Wilse 1865-1949 i Svart-hvitt nr. 1, 2000, s. 17). Thu losjerte på garden Strøm i Skjold i indre Ryfylke og er nemnd som fotografist i folketellinga for Skjold. Han var med andre ord ute på oppdrag. Det er så langt eg kjenner til, ikkje bevart signerte Thu-bilete frå om lag år 1900, men fleire vel kjennelege atelier-eksteriør-bilete av familiar vitnar om at Thu fotograferte både i Skjold og nabokommunen Vats dette året. At Thu vart omtala som friluftsfotograf, tyder på at han også tok landskapsbilete. Dette kan ha vore stereobilete av bygdelag eller eller kyrkjer i indre Ryfylke eller kombinerte gards- og familiebilete.



.