Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Garden Rosnes – eit Ryfylke-gardstun

Heimen på Rosnes – eit Ryfylke-gardstun. Kona til R. P. Thu var frå Rosnes i Mosterøy. Ekteparet Thu var ofte på besøk der, og R. P. Thu tok mange fotografi av bygningane på garden. Frå 1904.

Rasmus Pederson Thu var fødd i 1864 på garden Tu i Klepp og døydde 1946 i Stavanger. Foreldra var Peder Rasmusson Thu (1836-1874) og Berta Kristine Kristiansdotter (1828-1871) frå garden Roligheden i Ogna. Rasmus og dei tre søskena hans vart tidleg foreldrelause, og heimen deira vart selt til andre. Alle barna reiste til USA i unge år, og berre Rasmus kom tilbake til Norge. Berre ein av dei tre søskena fekk familie i USA.

Rasmus var fotograf i Stavanger då han gifta seg 31. mai 1883 med Bertha Kornelia Jørgensdotter Rosnes frå Askje sokn i Rennesøy prestegjeld. Men sjølv om presten skriv i kyrkjeboka at brudgommen var fotograf i Stavanger, hadde nok ikkje 19 år gamle Rasmus eige atelier i byen. Han er i alle fall ikkje nemnd som atelierfotograf i samtidige Stavanger-aviser. Kanskje arbeidde han hos ein etablert fotograf på dette tidspunktet. Rasmus og Bertha Kornelia reiste til USA ikkje lenge etter giftarmålet.

Heile seks av dei ti søskena hennar emigrerte. Ei av søstrene gifta seg med Kornelius, bror til Rasmus, truleg i USA. Rasmus og Bertha Kornelia kom til Marseilles i Illinois før 28. juli 1883. Eit av barnebarna har nemleg bevart ein liten visittkort-fotoalbum der morfaren har skrive på fremste bladet: ”Rasmus P. Thu” men sidan sett strek over namnet og i staden skrive ”Marseilles 28.7.1883. R. Pedersen”. Dette viser at Rasmus ikkje brukte Thu-namnet, men familienamnet Pedersen etter at han flytte til USA første gongen.

Rasmus og Bertha Kornelia budde i Morris, Illinois pr. februar 1884 (skrive i bibelen deira), og dei fekk første barnet i Illinois same året. I mai 1890 fekk dei andre barnet i barndomsheimen til Bertha Kornelia i Ryfylke. Då dottera Bertha vart døypt i Askje kyrkje, opplyser kyrkjeboka at faren var fotograf Rasmus Pedersen. Opplysningane i den vesle visittkort-fotoalbumen frå Marseilles og dåpsopplysningane i kyrkjeboka for Rennesøy prestegjeld bidrog saman med eit bevart amerikabrev i morsheimen til å løysa gåta kven fotograf ”R. Pedersen, Stavanger” var, den ukjende fotografen som fotograferte på Jæren i 1889. Rasmus vart nemleg reisefotograf på Jæren etter at familien flytte heim frå USA i 1888 eller våren 1889.

familieportrett av Thu's morsslekt

Morsslekta i Roligheden. Her har Thu samla slektningane i Roligheden utafor husveggen ein gong rundt 1905. Eit laken eller teppe fastspent på husveggen, tener som atelierbakgrunn.



.