Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Ved inngangen til 1900-talet var det vel 80 000 personar i Noreg som fekk fattighjelp. Det utgjorde 3,5 % av befolkninga. Framleis gjekk nokre på legd, men det systemet var under avvikling. Og framleis var det dei "verdige" fattige som dominerte. 42% av dei som fekk støtte fekk det fordi dei var sjuke, 12% fordi dei var utan arbeid, 11% på grunn av sinnsjukdom eller liknande, og 10% på grunn av alder.

Flytter vi oss fram til 1926 var det arbeidsløysa som var viktigaste grunn (60%) for å søke og få fattigstøtte. Sjukdom stod for 23%. Dei andre grunnane hadde fått redusert si rolle sterkt.

I 1900 fekk Noreg ei ny fattiglov. For første gong fekk by og land ei felles lov på dette feltet. Tanken var at denne lova berre skulle vera ei overgongslov som skulle verke ei kort tid, men i hovudtrekk vart ho ståande til 1964 då lov om sosial omsorg vart sett i kraft.

Fattiglova av 1900 omfatta ikkje alle dei som tidlegare kom inn under fattigvesenet sitt ansvarsområde. Dette var fordi det rundt same tid var vedteke andre særlover som skulle ta seg av mellom anna det tyngste klientellet. Lausgjengarlova av 1900 skulle omfatta fantar, prostituerte og lausgjengarar og dei som misbrukte rusmiddel. Dei første skulle etter lova tuktast, medan dei sistnemnde skulle kurerast. Verjerådslova av 1896 skulle ta seg av dei vanarta borna. Rett før århundreskiftet var det dessutan innført ulykkesforsikring for industriarbeidarar, noko som man og under arbeidet med den nye fattiglova trudde ville føra mange ut frå fattigomsorga og inn under slike ordningar. Slike forsikringsordningar vart etter 1900 utvida til også å omfatta andre yrkesgrupper.

Den som fekk hjelp etter fattiglova av 1900 vart fortsatt rekna som ein annenrangs borgar. Han eller ho var under tilsyn av fattigvesenet, den økonomiske hjelpa frå fattigstyret var formelt sett eit lån som kunne krevjast refundert til dømes frå forsørgelsespliketige slektningar, samstundes som fattigstyret kunne leggja beslag i hans økonomiske rettigheter, t.d. ved ein mogeleg arv. Den som mottok fattighjelp mista røysteretten sin, ein rett han ikkje fekk att før han hadde tilbakebetalt det han hadde fått i stønad. Denne praksisen varte til 1919, då det vart bestemt at det å vera fattigunderstøtta ikkje skulle føra til at dei mista sin røysterett. Det var stigmatiserande å få måtte gå til "fattigkassa". Det kom ei namneendring, "fattigvesenet" vart til "forsorgsvesen", utan at det hjelpte stort!

Lov om sosial omsorg frå 1964 vart sett i kraft i januar 1965 og avløyste den 64 år gamle gjennomgongslova om forsorgsvesenet. Det var fleire ting som skilte denne lova frå lova av 1900. Det eine var at reglane om økonomisk hjelp etter behovsprøving var blitt meir romslege. Sosialhjelp vart no gitt som bidrag, noko som gjorde sosialhjelp meir likt trygd. Det at sosialhjelpa vart gitt som bidrag førte og til at desse ikkje kunne krevjast tilbakebetalt slik som før. Dessutan var det no adgang til å klaga på vedtak. Heimstavnsystemet var oppheva og med det var og reglane om heimsending borte.

Frå 1908 av hadde stat og kommune gjeve tilskott til arbeidsløysekassar, men det var først i 1938 at det kom ei lov om tvungen arbeidsløysetrygd. I 1923 var det vedteke ei lov om alderstrygd, men dei vanskelege økonomiske tidene førte til at lova ikkje vart sett i kraft. Ei ny lov om alderstrygd kom i 1936. Alderstrygda vart i 1966 erstatta av lov om folketrygd. Folketrygda skulle sikre alle som budde i Noreg rett til stønad ved sjukdom, uførleik, svangerskap og fødsel, arbeidsløyse, alder og tap av forsørgar.



.