Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

"Det statistisk Centralbureau" gav ut fattigstatistikk år for år på slutten av 1800-talet og eit godt stykke inn på 1900-talet. Statistikken har eit solid talgrunnlag. I 1900 var talet på understøtta hovudpersonar i Noreg 78 252. Det samla folketalet var 2 216 400. Då var 3,53% av befolkninga understøtta. Prosentvis var det fleire understøtta i byane enn på landet: på landsbygda var det 48 173 støttemottakere av ei befolkning på 1 596 100 - 3,0%, i byane 30 079 mottakarar av 620300 - 4,9%.

Dei samla utgiftene var i 1900 10,1 millionar kroner. I gjennomsnitt mottok kvar understøtta hovudperson på landsbygda kr. 89,70, medan kvar hovudperson i byane fekk kr. 132,30. Framleis var det slik at ein del av dei understøtta var på legd eller i fattighus, men dei utgjorde berre 8,5% av støttemottakarane.

Statistikken frå 1900 fortel og om årsakene til støtte. Det var dei "verdige" som dominerte fullstendig, der sjukdom og alder stod for 2 av 3, og der drukkenskap og dovenskap berre utgjorde knappe 3%.


Tabell 1: Årsaker til fattigstøtte i 1900, prosentvis fordeling.

Årsak

%

Sjukdom 55,7
Alderdomssvekking 9,1
Arbeidsløyse 10,4
Åndssveike 4,6
Forsytars død 5,0
Forsytars rømming 1,5
Ulykkestilfelle 1,6
Drukkenskap 1,9
Vanføre 1,2
Dovenskap 1,0
Andre 8,0
Sum 100,00

I valåret 2005 får spørsmålet om fattigdom merksemd. Det vert opplyst at 235 000 nordmenn, om lag 5 % av befolkninga, kan definerast som "fattige". Den offisielle statistikken gjev noko lavare tall, 3,3% fattige i Norge. Det er ein prosentdel ikkje langt unna den vi ser på 1700- og 1800-talet. Dei regionale forskjellane, og forskjellane mellom by og land, er framleis store. Oslo-regionen, som er landets mest velståande, ligg og på toppen av lista over fattige med en andel på 5,5% fattige. Den moderne definisjonen av omgrepet "fattigdom" avvik ein god del frå den gamle. No er det inntekt sammenhalden med "medianinntekten" (inntekta der ein like stor talmessig del av befolkninga ligg over som under) som er lagt til grunn. Som fattige er dei å rekne som har inntekt under halvparten av medianen for heile befolkninga.

Det vert no skilt mellom "absolutt fattigdom" og "relativ fattigdom", der den absolutte fattigdom er ein tilstand der ein ikkje får dekka sine grunnleggande materielle behov, som mat, klede og vatn, medan den relative fattigdommen beskriver ei tilstand der ein opplever seg vesentleg dårlegare stilt enn mange andre. I eldre tid var det nok kun den absolutte fattigdommen som var tema.

Spørsmålet om tigging er og framleis eit tema i 2005. Politikarane vil vurdere å oppheve forbodet mot tigging. Diskusjonen går friskt. Tigging vekker på same måte som i forkant av forordningen i 1755 offentleg forarging.

Les meir :
Inntektsstatistikk. Inntektsindikatorer for ulike grupper, 1996-2002



.