Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Månadslister over til- og avgang gjer at ein kan følgje ein familie over tid.

Det var hovudpersonen i ein huslyd som var ansvarleg for å betale skatten. I byane forfalt den kvar månad, mens på landet skulle den betalast kvar tredje månad, på ubestemt tid. For at manntala heile tida skulle vere korrekte, vart det laga månadslister over til- og avgang, det vil seie over dei som fylte 12 år, døydde eller flytta. Desse listene gjer at ein i mange område kan følgje befolkninga på nært hald gjennom fleire år.

Ekstraskatten 1762, til- og avgangsliste for Gausdal

På denne til- og avgangslista for Gausdal i 1762 kan vi sjå at det på garden Fonstad var ei ”tilkommet” og ei ”avgått”. I kommentarfeltet til høgre er det gjort greie for at den ”tilkomne” Kirsti Jacobsdotter var uekte dotter av bror til bonden, og at ho hadde fylt 12 år 22. november. Den ”avgående” var Gjertrud Olsdotter, kona til Knut Olsson som var soldat i Holstein. (Rentekammeret, Fogderegnskap, eske 1266, EA-4092/R17/L1266)



.