Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Listene over ekstraskatten ligg i seriane med rekneskap i Rentekammeret.

Det vart ført eigne rekneskap for ekstraskatten i det einskilte futedøme og i kvar einaste by, og materialet ligg derfor spreitt i ymse arkivseriar. Korleis listene vart førte og kor mange som er bevarte, kan variere. Manntal og lister ligg vanlegvis som nummererte vedlegg til årlege rekneskap, men nokre av desse har vorte lagt til andre arkivseriar. Det ligg ei liste over innhaldet fremst i kvar eske, og den er også skanna.

Dei militære skulle betale skatt direkte til stiftamtstuene. Det materialet kjem etter rekneskapa frå futedøma og byane.

Rekneskapa for åra 1762 til 1765 inneheld flest opplysningar, og det er dei som nå ligg på nettet. Der det er så lite materiale at det har fått plass i ei eske, er alt skanna.


I denne innleiinga kan du lese meir om påboda som låg til grunn for innkrevinga av ekstraskatten 1762-1772.

På vår temaside kan du lese meir om gamle rekneskap .

Den trykte forordninga av 23. september 1762 er på over seks sider og har 9 paragrafar.

Den trykte forordninga av 23. september 1762 er på over seks sider og har 9 paragrafar.



.