Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Året 2011 vert markert som polaråret. Fridtjof Nansen vart fødd 10. oktober 1861. Den 14. desember 1911 nådde Roald Amundsen og reisefellane hans Sydpolen, det sørlegaste punktet på jordkloden. Vi markerer med andre ord både eit 150- og eit 100 årsjubileum i år.

Polarskuta Fram på veg ut Vågen med Skagenkaien til venstre og Stavanger domkirke i bakgrunnen, september 1902. Foto: Truleg Carl J. Jacobsen, Stavanger.

Polarskuta Fram på veg ut Vågen med Skagenkaien til venstre og Stavanger domkirke i bakgrunnen, september 1902. Foto: Truleg Carl J. Jacobsen, Stavanger.

Rogaland og særleg Stavanger har fleire spor etter polfararane og polarskuta Fram. I 1897 kom Th. C. Jacobsen frå Tromsø som fyrvaktar til Obrestad fyr på Hå. Før han kom dit, var Jacobsen styrmann på den første Fram-ekspedisjonen over Polhavet i åra 1893–1896. Fridtjof Nansen leia ekspedisjonen og Otto Sverdrup var kaptein og nestkommanderande på skuta. Folketeljinga 1900 fortel om Tromsø-familien Jacobsen på Hå:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f01119&gardpostnr=82&merk=82#ovre

Den 22. juli 1902 besøkte den kjende fotograf Anders B. Wilse Stavanger og familien Jacobsen. Dette var første gongen Wilse var i Rogaland. Wilse kjende Nansen. Kanskje hadde han eit oppdrag for han. Han fotograferte i alle fall fyrvaktarfamilien på Hå:  

http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=58733&skjema=2&fm=4

 




.