Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Men så skjedde det igjen. Tidleg om morgonen søndag 13. september 1936 smalt det på nytt kraftig frå Ramnefjellet. Eit fjellstykke på heile ein million kubikkmeter losna 800 meter oppe i fjellet og styrta like i vatnet. Det utløyste ei flodbølgje som var mykje større enn den i 1905. Heile 70 meter høg var den på det meste.

Denne gongen delte ikkje bølgja seg på Nesodden; den skylte rett over og ned i Bødal. Der vart alle husa øydelagde, også dei som slapp unna i 1905. 44 menneske mista livet i denne bygda.

I Ytre Nesdal slapp dei denne gongen berre så vidt unna, fordi husa var bygde opp igjen langt frå vatnet. Men bølgja skylde over dei gamle tuftene og eit underbuk som var bygd opp igjen der. Her omkom tre personar. Derfrå fortsette den øydeleggjande bølgja ferda mot Indre Nesdal, der den sopte to av dei tre bruka på vatnet. Alle 23 på desse to bruka omkom.

Også nedover vatnet mot Vassenden, fekk folk merka bølgja. Ved underbruket Sanden på Hogrenning mista to smågutar livet. Og då bølgja nådde Vassenden, slo den opp og feide med seg underbruket Osneset og to menneske som budde der.

I sum omkom det denne dagen 74 menneske i Lodalen. Av desse vart berre 33 funne. Nokre av dei som vart funne i live, døydde seinare av skadane. Og fleire av dei omkomne vart funne ei god stund etter den første fellesgravferda onsdag 16. september. Ved denne gravferda var kronprins Olav til stades.

Også denne gangen vart det sett i gang ei landsomfemnande innsamling til flodbølgje-ofra. Denne aksjonen fekk inn 670.000 kroner.

Men Ramnefjellet gav seg ikkje med raset 13. september. Utover heile hausten gjekk det stadige ras. Og 11. november 1936 kom det tre ras etter kvarandre. Desse var større enn raset 13. september, men berre delar av massen nådde vatnet. Likevel slo bølgja over Nesodden og gjekk like langt opp i Nesdal og Bødal som katastroferaset. Men no var bygdelaga fråflytta, så ingen omkom.

På eittårsdagen for raset i 1937 vart det avduka ei minneplate ved Kjenndalsvegen. Her står namna på alle som ikkje vart funne etter dei to rasa i 1905 og 1936.

I Digitalarkivet kan ein søkje i databasen over gravlagde i Loen 1881-1936



.