Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Reisefotograf, friluftsfotograf og atelierfotograf

Sjølvportrett av Rasmus Pederson Thu frå om lag 1910.

Sjølvportrett av Rasmus Pederson Thu frå om lag 1910. Fotograf R. P. Thu som han skreiv seg, var fødd 7. januar 1864 på garden Tu i Klepp og døydde 8. januar 1946 i Stavanger. Fotograf Thu hadde ein interessant og mangesidig karriere. Han var atelierfotograf, omreisande fotograf, postkortfotograf, og han reiste mange gonger mellom Stavanger og lokale immigrantmiljø i USA for å fotografera, og for å selja foto frå heimlandet.

Av dei mange eldre Rogalands-fotografane har utan tvil Rasmus Pederson Thu den mest allsidige produksjonen. Han var og fotografen med fleire titlar og fleire signaturtypar. Rasmus var friluftsfotograf før Anders B. Wilse tok i bruk denne tittelen i Norge, og namnet sitt skreiv han på fleire måtar; ”Rasmus P. Thu” før han flytte til USA i 1883, ”R. Pedersen” medan han budde i USA i åra 1883-1888 og ”R. Pedersen, Stavanger” som fotograf på Jæren i 1889. I 1890-åra og seinare i livet skreiv han seg ”R. P. Thu”. På fotograf-stempel frå 1900-talet og trykt på postkort står det nemleg: ”R. P. Thu, Stavanger”. I 1926 fekk han atelieradresse Skudeneshavn på Karmøy, men det kjende verkeområdet hans i Norge strekte seg frå Arendal i sør til Ofoten i nord.

Under den første fotoinnsamlingaksjonen i Hå kommune i 1982, kom om lag ti personar med eldre atelier-eksteriør-bilete i visittkortformat. Nokre få av fotografia hadde den trykte signaturen R. Pedersen, Stavanger på framsida av kartongen. Resten mangla fotografopplysningar. Nokre var portrett av ein person, andre av ein familie. Bakgrunnsteppet, husveggen og ein stol dei avfotograferte støtta seg til, var den same på bileta frå denne bygda i Hå. Eitt av dei hadde kabinettformat. Dette var og eit av dei få med signaturen R. Pedersen, Stavanger. Sidan dette var eit familiebilete der personane var kjende, kunne biletet tidfestast etter alderen på dei minste barna. Dermed fall også fleire brikker fall på plass når det galdt identifisering av dei andre atelier-eksteriørbileta (sjå boka Bilete frå Hå, s. 19). Konklusjonen var at ein R. Pedersen frå Stavanger fotograferte personar og familiar i denne bygda i Hå i 1889. Seinare skulle det visa seg at han også tok tilsvarande bilete i grannebygdene dette året. Det var langt vanskelegare å finna ut kven denne fotografen var. I boka ”Eldre norske fotografer” (Susanne Bonge 1980) var det ingen med dette namnet. Det skulle gå om lag femten år før brikkene fall på plass.

I 1985 hadde Hå folkebibliotek fotoinnsamlingsaksjon i ei anna av bygdene i Hå. Ein mann kom då med to bilete frå heimen sin, tekne av Rasmus Pederson Thu, søskenbarnet til mor hans. Det eine var eit familiebilete frå etter 1892, teke framfor husveggen. Det andre var frå etter 1903 og av same familien inne i daglegstova, ei stove der dei små glasvindaugo gav lite lys. Fotografen hadde med andre ord blitz-utstyr på dette tidspunktet. Slektningen som hadde dei to fotografia, kjende ikkje til Rasmus Pederson Thu som fotograf. Susanne Bonge hadde derimot opplysningar om ein fotograf R. P. Thu frå garden Tu i Klepp i boka si. Thu merkar seg faktisk ut mellom alle fotografane i boka.

Susanne Bonge hadde derimot opplysningar om ein fotograf R. P. Thu frå garden Tu i Klepp i boka si. Thu merkar seg faktisk ut mellom alle fotografane i boka. Då ”Eldre norske fotografer” vart meld i den første årgangen av Norsk fotohistorisk Årbok, Bildet lever (1980), var det nettopp Thu som fekk omtale og med dette utdraget frå boka: ”Norsk-amerikaneren R. P. Thu på Jæren drev i mange år en artig og sikkert også innbringende form for fotografering. Han tok bilder av bønder på Jæren og deres hjem, reiste så ”over Dammen” på billigste måte til USA, hvor han oppsøkte jærbuens slektninger og solgte bildene til dem. Så gjentok han den samme prosessen og drog hjem og solgte biledene til slekten i Gamlelandet. Det sies at han skal ha krysset Atlanteren ca. 30 ganger i denne geskjeften.”

Opplysningane til Bonge om denne spesielle jærbuen fanga interessa mi (sjå Bilete frå Hå, s. 18). Men å kartleggja norsk-amerikanaren R. P. Thu skulle visa seg å verta vanskeleg. Bonge opplyser at Thu reiste til USA i åra 1898, 1900 og 1904. Men både i 1898 eller 1899 og i året 1900 veit me no at Thu var i Norge. Thu fotograferte nemleg i Stavanger-distriktet og på Jæren både etter 1892, i 1898 eller 1899 og i indre Ryfylke i 1900. Det er bevart mange atelier-eksteriør-bilete frå 1898 eller 1899 av familiar og søskengrupper frå bygdene i Hå. Alle er i visittkortformat, men ingen har fotograf-signatur eller stempel. Eit tilsvarande bilete av dei to døtrene sine som Thu tok i juli 1899 og som finst hos eit av barnebarna (dato og år skriven for hand på kartongen), viser at alle desse fotografia frå 1898 eller 1899 vart tekne av Thu. Dei spesielle biletkartongane er nemleg identiske. Det spørst om ikkje Thu heller kom heim frå USA i 1898 med nye, amerikanske biletkartongar i reisekufferten.




.