Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
tittelbilde

Ei nettutstilling om dei fattige og fattigstellet på Vestlandet kring 1755 då fattigforordninga vart vedteke.

29. august 1755 vart forordninga om "Betleres Affskaffelse og de Fattiges Underholdning i Bergen Bye og Stift " vedteke for Bergen stift. Med denne fattigforordninga fekk stiftet for første gong eit offentleg fattigvesen med klart definerte aktørar og rammer. Ein fekk eit lovverk som slo fast kven som hadde rett på stønad, kva for stønad dei kunne få, og ein fekk også fordelt ansvaret for dei fattige mellom private og det offentlege.

Statsarkivet i Bergen markerer at det er 250 år sidan denne forordninga vart vedteke med ei internettutstilling om dei fattige i dåverande Bergen stift som strakte seg frå Sunnhordland i sør til Sunnmøre i Nord. Utstillinga fortel om fattigstellet og om kjelder til opplysningar om dei fattige.

Utstillinga og publisering av ein del kjelder som gjeld fattigstellet, er Statsarkivet i Bergen sitt bidrag til eit prosjekt om dei fattige i Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir om prosjektet under Fattigprosjektet i Vest  og på www.fattigkassa.no




.