utsnitt frå vigselslista i kyrkjeboka frå New York

Eit døme på vigselsliste frå kyrkjeboka A4 1893-1901 for New York. Klikk på bilete for å sjå større storleik.

Statsarkivet i Bergen har mottatt 71 hyllemeter med arkiv frå Sjømannsmisjonen. Arkivet består mellom anna av korrespondanse, visitasprotokollar, kyrkjebøker og eigne publikasjonar. Hos arkivportalen.no finn de eit oversyn over arkivet etter Sjømannsmisjonen. Les meir om arkivet i denne artikkelen om Sjømannsmisjonen.

Kyrkjebøkene frå Sjømannsmisjonen inneheld lister over dåp, vigsel og gravferd på same vis som andre kyrkjebøker. Statsarkivet i Bergen har tatt imot 56 kyrkjebøker for perioden 1865-1986, fleire av dei er skanna og tilgjengeleg hos Digitalarkivet. Nokre av dei er også tasta og gjort søkbare i Digitalarkivet



.