Opent brev frå Noregs regent Christian Frederik, om riket si stilling og tilkomande regjeringsforfatning

Aabent Brev fra Norges Regent, Prinds Christian Frederik, angaaende Rigets nærværende Stilling og tilkommende Regjeringsforfatning. Regentskabet i Norge, Christiania den 19de Februar 1814.

Brevet kunngjer at folket er løyst frå eiden til kong Frederik 6. og manar til ikkje å samtykkje i å underkaste seg Sverige. I staden skal folk hevde og forsvare norsk sjølvstende. Christian Frederik erklærer at han som ”odelsbaaren til Norges Throne” er bestemt til å stå i spissen for det norske folket, og at han tek tittelen ”Rigets Regent”. Han kunngjer at ”Nationens valgte og oplyste Mænd” skal samlast i Eidsvoll den 10. april for å vedta ei regjeringsform som fullkomment og for bestandig kan tryggje folket sin fridom og staten sine behov

Brevet blei lese høgt frå preikestolen ved alle bededagsgudstenestene rundt i landet og ved alle militære val.



.