Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kyrkjeboka viser at Marthe Marie (Marta Maria) vart fødd 10. februar og døypt 1. mars 1840. Foreldra var Ingebreth Svendsen og Karen Samuelsdtr. Mossige. Kjelde: Statsarkivet i Stavanger, kyrkjebok for Lye 1826 – 1841, fol. 135b – 136a, nr. 7.

Ein av fadrane til Marta Maria var sokneprest Frost som døypte henne. Dei andre var  lensmann Pedersen, Marie Jonasdtr. Sandved, Inger M. Jonasen og Jorine Svendsdtr. Mossige. Namna til foreldra og fadrane viser at Martha Marie høyrde til dei gamle lensmannsslektene på Jæren. Faren var den første ordførararen i Time kommune, sidan lensmann og Stortings-representant. Lensmann Samuel Pedersen Sandved i Høyland var morfar til Marta Maria. Marie Jonasdtr. Sandved var mormora. Ho var lensmannsdotter. Inger M. Jonasen var ein slektning på morssida. Jorine Svendsdtr. var faster til dåpsbarnet.

Dei som høyrde til dei gamle lensmannsslektene slektene på Jæren, gifta seg ofte med kvarandre. Dei fleste ekteskapa var nok arrangerte av foreldra. Stor aldersforskjell mellom ektefellane var ikkje uvanleg. Jorine Svendsdtr., faster til dåpsbarnet, gifta seg i 1842 med Kristoffer Kristoffersen Aasland, ein eldre bror til Kristoffer Kristoffersen Aasland den yngre, som Marta Maria gifta seg med i 1856, 16 år gamal. Dei to brørne hadde same namnet. Den eldste av dei var oppkalla etter farfaren og den yngste etter faren. Han skreiv seg alltid Stoffer. Stoffer var 16 år eldre enn Marta Maria.

Foreldra til Marta Maria fekk åtte barn. Det yngste døydde eitt år gamalt i 1861. Då hadde Marta Maria alt fått to barn. To av søstrene hennar gifta seg med lensmenn på Jæren, den eine i Klepp og den andre i Høyland. Ei tredje søster gifta seg med ein lensmannsson frå Norheim i Time.

Gardsbruka på Mossige i 1933, med ”lensmannsgarden” til høgre. Dette var barndomsheimen til Marta Maria. Foto: Truleg Otto Floor. Privatarkiv nr. 135 Stavanger Turistforening, Statsarkivet i Stavanger.

Det store huset på Mossige vart bygt i 1819 og står ennå på garden. Dette var eit politisk og kulturelt sentrum i Lye prestegjeld og Time kommune på 1800-talet. Hovudhuset med åtte vindauge på stovesida skilde seg ut, sjølv om det etter kvart kom fleire større gardshus på Mossige.

Konene på dei store jærgardane var sjølvstendige og sterke kvinner med ansvar for folk og husdyr. Sjølv om dei ikkje var myndige før 1888 og måtte ha mannleg verje, var dei i praksis likestilte med ektefellen i det daglege arbeidet. Ektefellene hadde sjølvstendig ansvar for kvar sine område. 

Det må likevel ha vore noko spesielt med barndomsheimen og kvinnene i heimen til Marta Maria på Mossige.

Hovudhuset på gardsbruket Lindland på Åsland i 1933. Det store huset var kledd med panner frå eige teglverk. Dette vart heimen til Marta Maria etter at ho gifta seg 16 år gamal. Foto: Otto Floor. Fotosamling etter Kristian Bærheim, Statsarkivet i Stavanger.

Marta Maria (1840 – 1915) gifta seg i 1856 med Kristoffer Kristoffersen (Stoffer) Aasland (1824 – 1888). Stoffer overtok ein part av heimegarden og teglverket på Lindland, panneverket, som folk sa. Stoffer var også smed. Marta Maria fekk ansvaret for eit stort hushald med tenarar og arbeidsfolk som alle gjekk i kosten hos henne.

Marta Maria og Stoffer fekk 14 barn. Det første døydde seks dagar etter fødselen i august 1857. Alle dei andre vart vaksne. Det var uvanleg på den tida at så mange i ein stor barneflokk levde opp.

Svigerforeldra fekk 10 barn, to av brørne til Stoffer 10 og 12 barn. Jorine, faster til Marta Maria, var mor til dei 12 barna. Ho miste fire av dei som småbarn. Av dei til saman 46 barna som vart fødde i fire familiar på Åsland, døydde berre 6 som småbarn. Kanskje var forklaringa den at mødrene var opplyste kvinner med kunnskapar om godt matstell, barnestell og reinhald i heimen. 

Folketeljinga frå 1865   fortel at Marta Maria hadde fire små barn. Dessutan hadde ho hushaldsansvaret for svigermora, fire tenarar, to kvinner og to menn, og ein legdslem. Dette var ein mann på 78 år. Marta Maria hadde med andre ord ansvaret for mat og klede til 11 personar i heimen sin. Då var ho 25 år gamal. 

I 1875  hadde Marta Maria åtte barn. Dei eldste var til god hjelp for henne. Ho hadde også fire tenarar, to kvinner og to menn. Dessutan losjerte ein enkjemann med tre barn og eit eldre ektepar i den såkalla ”teglverksstuen”. Dette var bustaden til den tidlegare driftsstyraren. Både enkjemannen og dei tre barna arbeidde på verket.

Marta Maria hadde også ansvaret dyra på garden, i alle fall kyrne. I 1875 hadde dei 5 hestar, 1 stut, 14 kyr, 67 sauer og 2 griser. Ansvaret for barnestell, matstell, stell av klede og tekstilar, og stell av kyrne spesielt, låg på henne. Det kom godt med at ho hadde fleire større barn og fleire tenarar til hjelp, både inne og ute. Men det var ho som administerte det heile. 

Då Lindland vart skulestad våren 1883, fekk huset eit påbygg med undervisningsrom i søre enden. Huset vart rive i 1948. ”Teglverksstuen” sør for teglverket, vart til elevinternat, ”Jentehuset”, som det vart kalla. 

Det første forslaget til offentleg fagutdanning for kvinner i landbruket, datert 9. november 1864. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1865, Statsarkivet i Stavanger.

I 1864 la ei nemnd med amtmann Morgenstierne i spissen fram forslag til fagutdanning for kvinner i landbruket. Dette var i praksis forslag til korleis unge kvinner kunne utdanna seg til å verta gode gardkoner. Amtsformannskapet behandla forslaget i 1865, men ingen av dei to alternativa nemnda skisserte, vart vedtekne. Det skulle gå mange år før amtsformannskapet ved amtsskulekommisjonen vedtok å setja i gang skulen frå 1. mars 1883. Då hadde Stavanger amt hatt landbruksskule for menn i 37 år, frå 1846 på Austrått i Høyland og i åra etter på Tveit i Nedstrand.

Budsjettforslaget for andre skuleåret ved den praktiske jenteskulen på Åsland med oppstart 1. mars 1884. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1883, Statsarkivet i Stavanger.

Stoffer Aasland kom med tilbod om å leggja den nye Stavanger Amts Jenteskole  til gardsbruket sitt, og om å ta på seg styraransvaret saman med kona. Heimen deira var skulestad mellom 1883 og 1902. Jenteskulen på Åsland vart den første husmorskulen i Rogaland før Sømme på Sola overtok i 1912, etter ti års opphald. Marta Maria var den viktigaste personen her. Ho fekk det daglege ansvaret for den praktiske opplæringa av jentene, både ute på garden, i fjøset og inne i huset. Utanom styrarparet hadde skulen ein mannleg lærar i teoretiske fag og ein kvinneleg i handarbeid, saum og veving.

Dei årlege budsjettforslaga til amtsskulekommisjonen viser at både Marta Maria og Stoffer stod på lønningslista. I 1883-forslaget er dei oppførte med ei samla løn på kr 1200.

Den 29. desember 1884 sende S. C. Aasland, Stoffer Christoffersen Aasland, andre årsmeldinga til Stavanger Amtsskolekommisjon. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1885, Statsarkivet i Stavanger.

_____________________________________________________________________________________

Stoffer Aasland sende kvart år årsmelding til amtsskulekommisjonen. Meldingane er gode kjelder til skulehistoria saman med den bevarte skuleprotokollen. Denne var i bruk i heile perioden skulen eksisterte. Her er den andre årsmeldinga, datert 29. desember 1884. Kurset tok til 1. mars 1884 og vart avslutta i desember same året. Dei ti jentene frå Jæren og Ryfylke  som fekk eksamen dette året, vart ettertrakta koneemne for bønder på Jæren og i Ryfylke.

Marta Maria og Stoffer Aasland med barneflokken ved inngangen til heimen på Lindland. Dei tilkalla truleg ein profesjonell fotograf til avslutninga av tredje skulekurset i desember 1885. Foto: Ukjend. Repro ved Haakon Johannessen. Privatarkivnr. 430 Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.

 

Fotografen som tok bilete av familien Aasland, tok også eitt av dei saman med det tredje elevkullet ved skulen, til avslutninga i 1885. Foto: Ukjend. Privat fotosamling, Statsarkivet i Stavanger.

Då Marta Maria og Stoffer fotograferte seg med barneflokken og elevflokken i 1885, visste dei ikkje at dei skulle få det 14. og siste barnet to år seinare. Då var ho vel 47 år gamal. Året etter, i 1888, døydde Stoffer.

Marta Maria heldt fram som husmor på jenteskulen etter at mannen døydde, sjølv om eldste sonen overtok styrarposten etter faren. Han var då 27 år gamal og gifta seg same året med Mallin Svensdtr. frå Tveit i Årdal. Ho hadde vore elev ved jenteskulen i 1884. 

Loven som gjorde gifte kvinner myndige, kom 29. juni 1888. Stoffer døydde 10. mai same året. Marta Maria opplevde at eldste sonen, Chr. S. Aasland, Christoffer Stoffersen, var verja hennar på papiret i om lag 50 dagar. Sjølv stod ho som eigar av gardsbruket, også fleire år etter at sonen overtok. I praksis var Marta Maria den sterke og sjølvstendige kvinna ho alltid hadde vore. 

Marta Maria vart kjend som Mor Åsland  både på Jæren og i Ryfylke. Elevane hennar, dei 289 Åslandsjentene  frå åra mellom 1883 – 1902 som skulen var i drift, merkte seg ut. 

Som gardkoner fekk dei eit stort ansvar i det gamle samfunnet, sjølv om dei ikkje fekk full borgarleg stemmerett før i 1913.

Bibelen var ei rettesnor for svært mange i dette samfunnet. Ordtaka, kap. 31, vers 10-31, Den gode kona , summerer opp denne sjølvstendige og sterke kvinnetypen som Mor Åsland og Åslands-jentene representerte: ”Ei dugande kone, kven finn vel henne? Langt meir enn perler er ho verd”.  Dei neste 20 versa høver også godt på Mor Åsland og truleg på alle jentene hennar, både døtrene og jenteskuleelevane. Dei hadde gått i ein god skule hos henne.   

Kjelder:

 Digitalarkivet

Statsarkivet i Stavanger, Lye sokneprestembete, kyrkjebok A4, 1826 – 1841.

Folketeljingane 1865, 1875 og 1900 for Time.

Statsarkivet i Stavanger:

-Stavanger Amtformandskabs Forhandlinger (trykt bokserie).

IKA Rogland, Time kommune:

Møtebok for Jenteskulen på Åsland 1883 – 1902.

Litteratur:

-Aasland, Aarne: ”Aaslandsgjentene merkte seg ut”. Artikkel i årboka Ætt og Heim  1975.

-Barkved, Ola: ”Dannelsesanstalt for unge Quinder”. Artikkel i Stavanger Aftenblad  17. januar 1975.

-Taksdal, Asgjerd: ”Åslands-jentene merkte seg ut”. Jenteskulen på Åsland 1883 – 1902. Artikkel i årboka Sjå Jæren  1989.



.