Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
kirkebok hjelmeland

Helga Pedersdtr. var barn nummer 21 som vart døypt i Hjelmeland prestegjeld i 1812.
Kjelde: Kyrkjebok A2 for Hjelmeland, Årdal og Fister, 1799-1816. Statsarkivet i Stavanger

Helga var fødd på garden Byrkja i Årdal sokn, Hjelmeland prestegjeld. Ho vart døypt 15. mars 1812 og fekk då farmora sitt namn. Den dagen var det tre barn til dåpen i Årdal kyrkje. Fødselsdatoane er ikkje kjende. Før 1814 skreiv presten berre dåpsdagen i kyrkjeboka saman med namnet på foreldra og fadrane. Foreldra til Helga var Peder Klengson og Malena Johansdotter Bjerke. Bjerke er ein eldre skrivemåte av gardsnamnet Byrkja. Helga var det tredje av dei ni barna til Peder og Malene. Tre av dei døydde som småbarn. 

Byturen og møtet med haugianarane

Helga Vormeland (1812–1904) og Kristi Svantesvold (1799–1861) frå Vats er dei to mest kjende haugianarkvinnene i Rogaland. Båe er omhandla i både skriftlege kjelder, fagbøker og i trykt i minnemateriale. Her presenterer me Helga.

Ingen jenter frå vanlege familiar fekk nokon særleg skulegang då Helga var liten. Føremålet med litt leseundervisning var at barna skulle læra katekisma slik at dei kunne konfirmerast. Skuleloven av 1827 gjekk litt vidare. Då vart både skriving og rekning obligatoriske fag. Men med nokre få vekers omgangsskule i året var det berre dei færraste som kunne lesa og skriva ukjend tekst. Dei fleste, både gutar og jenter, lærte berre å pugga kjend tekst frå katekisme og salmebok slik at dei kunne greia seg til konfirmasjonen. Innstillinga til foreldra hadde mykje å seia. Det var ikkje uvanleg at foreldre heldt barna heime. Mange meinte skulegang var unødvendig, ikkje minst for jentene.

Helga var konfirmert då skuleloven kom i 1827. Kanskje var ho ute i teneste då. Minnematerialet om henne fortel at ei byreise i 1829, truleg til haustmarknaden, vart eit vendepunkt for henne.

Hans Nielsen Hauge (1771–1824), den første norske lekpredikanten, kom ikkje til Hjelmeland på reisene sine i Stavanger amt i 1798 og 1801. Men i 1819 møtte Helga eit rikt haugianarmiljø i Stavanger, leia av kjøpmannen og bedriftseigaren John Haugvalstad frå Mosterøy. Helga fann vegen til eit møte på Valberget. Der kjende ho seg heime. Haugvalstad samla særleg innflytte arbeidsfolk i byen, ungdomar som kom frå Ryfylke og Jæren. 

Helga og den haugianske kvinnerørsla i Hjelmeland

Tidleg i 1830-åra utvikla det seg også eit rikt haugianarmiljø i Hjelmeland prestegjeld. Hans Nielsen Hauge hadde oppmuntra kvinnene til å vera aktive i vennesamfunna, både som talarar og brevskrivarar. Brev var eit viktig kommunikasjonsmiddel for Hauge og haugianarane. Dermed måtte og ville gjerne kvinnene kunna lesa og skriva. Helga lærte seg dette. Ho var den første aktive haugianarkvinna i Hjelmeland. I følgje litteratur og minnemateriale deltok ho aktivt med song, bøn, ”oppbyggelse”, og med høgtlesing av brev på møte og samlingar mange stader i indre Ryfylke. Helga var også på fleire besøk hos haugianervenner i Stavanger. 

Helga reiste særleg mykje som talar før ho gifta seg i 1837 og vart gardkone på Vormeland. Ansvaret for heim og barn bant henne naturleg nok til heimen då.

Helga og andre haugianarkvinner var uvanlege på to måtar. Dei representerte den første kvinnegruppa i landet vårt som hevda seg utafor heimen. Det var ganske uvanleg på 1800-talet at kvinner talte i forsamlingar. Dessutan var det ikkje lov å samlast til møte på den tida utan at presten var til stades og kontrollerte kva som vart sagt. Det er bevart eit omfattande brevmateriale etter både kvinner og menn, både brev til Hans Nielsen Hauge og brev som vart sende til andre vennesamfunn, og som skulle lesast opp under møta. Då var det viktig med både lese- og skrivekunne.  

I Hjelmeland følgde sokneprest Johan G. Thaulow nøye med på kva haugianarane dreiv på med. Men prestegjeldet var stort og hadde tre kyrkjesokner. Han kunne ikkje føra kontroll med alle samlingar ved dei tre kyrkjene i Fister, Årdal og Hjelmeland eller i private heimar

Interiør Årdal kirke

I denne kyrkja vart Helga boren til dåpen i 1812, og her gifta ho seg i 1837. Gamle Årdal kyrkje er bevart slik ho såg ut for 200 år sidan.
Foto: Olaf A. Ellingsen 1952. Privatarkiv nr. 405, Olaf A. Ellingsen. Statsarkivet i Stavanger.

Området rundt gamle Årdal kyrkje var samlingsplass for haugianarane når det var preikesundag. Foto: Otto Floor 1933. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Presten og konventikkelplakaten

Johan G. Thaulow var sokneprest i Hjelmeland i åra 1829 – 1858. Han var ein energisk prest og ein rasjonalist som ganske raskt kom på kant med det lokale, lågkyrkjelege haugianarmiljøet. Striden toppa seg i den såkalla lesebokstriden i 1848, men det er ikkje kjent kva rolle Helga og mannen hennar spela då. Berre eitt av barna deira hadde så vidt nådd skulealderen på det tidspunktet. Thaulow såg ikkje med blide auge på at haugianarane hadde samlingar på kyrkjebakken etter gudstenestene på sundagane. Det er nok heller ikkje unaturleg at han reagerte negativt på den aktive rolla til kvinnene.  

Thaulow hadde lovverket i ryggen med konventikkelplakaten frå 1741. Denne loven sette forbod mot at folk eller lekpredikantar tala i offentlege samlingar, også når desse var i private heimar. Hans Nielsen Hauge utfordra styresmaktene i dobbel forstand. Han oppfordra folk til å sjå bort frå konventikkelplakaten, og han oppfordra kvinnene til å vera aktive i vennesamfunna, både som talarar og som brevskrivarar.

Rapport frå presten til departementet 1838

Punkt 12 til 15 i rapporten sokneprest Thaulow sende til Kirkedepartementet 28. sept.1838 der han svara på spørsmål om skulevesenet i Hjelmeland.
Kjelde: Hjelmeland sokneprestembete, kopibok nr. 1, 1799 – 1846, fol. 168b. Statsarkivet i Stavanger.

Som rasjonalist var sokneprest Thaulow særleg oppteken av å forbetra skuleundervisninga. Om han var skeptisk til haugianarane, såg han at haugianarforeldre var opptekne av at barna skulle læra å lesa og skriva. Han opplyser i rapporten at i året 1837 hadde heile 42 barn fått skriveundervisning i dei 8 omgangsskuledistrikta i prestegjeldet. Dessutan, skriv han: ”Det anmærkes som en Synderlighed, at af dette Antal er omtrent det halve Pigebørn, Døtre af Haugianere, der meget bruge at skrive Taler og Bønner m.m. til Oplæsning i deres Forsamlinger, samt Breve til deres Venner, i hvilke Henseender bland Haugianerne, som bekjendt, Qvinderne ere ligesaa virksomme som Mændene”  (sitat slutt).

Haugianarane var ikkje formelt organiserte. Dei kom saman i vennesamfunn. Me kan likevel seia at Helga og andre haugianarkvinner representerte den første kvinnerørsla i landet.

Tytlandsvik fjord

Frå Tytlandsvik med vegen ut i Ryfylke-riket for Helga og andre haugianarar på vandring og talarferd.
Foto: Johan N. Figved, ca. 1932. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Tytlandsvik brygga

Tytlandsvik med den gamle bryggja og nausta. Dette var porten til Helga sitt rike som gardkone på Vormeland i Vormedalen.
Foto: Gunnar Wareberg, 1972. Privatarkiv nr. 156. Statsarkivet i Stavanger.

Kvinner på vandring

Det var vanleg før at ungdommane besøkte andre kyrkjesokner eller andre grender i sommarhalvåret. Dette vart særleg vanleg hos haugianarane. Dermed kom også unge jenter seg ut frå heimemiljøet. 

Helga kunne ikkje farta noko særleg utafor Vormedalen etter at ho gifta seg. Men ho og ektemannen Jens Olsson Vormeland var båe aktive i det lokale haugianarmiljøet. Heimen deira vart ein samlingsplass, både for vennene i Vormedalen, for gjester og for mange tilreisande gjester og predikantar. Om ansvaret for heim og etter kvart sju barn bant Helga til garden, kunne ho bruka tale- og songgåvene sine aktivt på samlingar i Vormedalen.

Sokneprest Thaulow lika ikkje at haugianarane vandra rundt, og at dei samlast til oppbyggingsmøte utafor hans kontroll. I 1840 sende Kirkedepartementet ei omfattande spørjeliste til alle prestane i landet sidan dei var formenn i fattigformannskapa. Departementet hadde behov for opplysningar i samband med ein ny fattiglov. Sokneprest Thaulow gjorde som vanleg eit grundig arbeid. Til spørsmålet om Arbeidsdygtighed skreiv han: ”Desværre kan denne ikke roses. Folket er i Almindelighed trægt og ingenlunde kraftfuldt. Dette Onde har især i de senere Aar mer tiltaget, som det synes en Følge af Haugianismens Udbrædelse, idet mange Mennesker derved finde sig opfordrede til endog paa Søgendager at vandre omkring, deels som Prædikanterer, deels som Tilhørere, ladende de timelige Ting skjøtte sig selv” (sitat frå Kirkedepartementets arkiv, Fattigformannskapsrapportar 1840, Riksarkivet).

Thaulow vann ikkje fram med synet sitt. I 1842 oppheva styresmaktene konventikkelplakaten. Dette året kan vi seia at forsamlingsfridomen vart innført i landet vårt. I 1840-åra og seinare på 1800-talet vart det meir uformelle engasjementet til dei lokale vennesamfunna kanalisert over i ulike typar lågkyrkjelege organisasjonar. I 1847 stifta Helga og fire andre kvinner i Vormedalen den første kvinneforeininga der for den nye nasjonale organisasjonen, Det norske  Misjonsselskap. Same året vart det stifta tilsvarande kvinneforeningar i Hjelmelandsvågen og i Årdal. 

Som gardkone hadde Helga ansvaret for barna, dei fleste dyra på garden, arbeidet i heimen, både matproduksjon, matstell, produksjon og stell av klede og tekstilar. På desse områda finst det få spor etter Helga og andre kvinner sin innsats på 1800-talet. Men Helga sette i alle fall spor etter seg som ei av dei aller første kvinnene i Ryfylke som kunne lesa og skriva ukjent tekst, og som også tala, song, skreiv og las opp brev frå andre i offentlege forsamlingar.

Helga opplevde ikkje å få full borgarleg stemmerett. Ho døydde i 1904, same året som ho og alle kvinner tilslutta Det norske Misjonsselskap fekk stemmerett i denne organisasjonen, på like fot med mennene.

--------------------------------------------------------------------------------------------------

Kjelder:

Informasjon om Helga finst i kyrkjebøker for Hjelmeland og i folketeljingane 1865, 1875 og 1900. Sjå www.digitalarkivet.no  for folketeljingane 1865 og 1900:

1865:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f61133&gardpostnr=177&personpostnr=1070&merk=1070#ovre

1900:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=f01133&gardpostnr=148&personpostnr=895#nedre

Det finst eitt kjent fotografi av Helga og ektemannen Jens. Dette er frå om lag 1870. Du kan sjå det på Digitalt museum:

http://www.digitaltmuseum.no/things/gruppebilde-ektepar/RF/RFF1986-091B-007?query=Helga+Vormeland&js=1&search_context=1&count=3&pos=1

Litteratur:

Helga er omtala i mange bøker, både nasjonale og lokale. Vil du lesa meir om henne her på nettet, kan du gå til den nyaste artikkelen om henne:

Trygve Brandal: Haugianarkvinna frå Hjelmeland Helga Vormeland. Artikkel i kyrkjelydsbladet Preikestolen, nr. 5, 2012, side 19:

(lenke nedenfor må kopieres og åpnes i nytt vindu)

http://www.strand.kyrkja.no/LinkClick.aspx?fileticket=PWU9ij7wqk0%3d&tabid=3449

Helga og haugianarkvinnene vert og presenterte i bøkene:

Golf, Olav, 1998: Den haugianske kvinnebevegelse.

Golf, Olav, 2006: Vekkerrøst fra kvinner i Hans Nielsen Hauges fotspor .



.