Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Hanchen Louise Wally Jacobsen var fødd 27. oktober 1869 i Stavanger og døypt 19. desember same året. Foreldra var fotograf Carl Lauritz Jacobsen og Anna Louise Emilie Wally Jacobsen. Kjelde: Kirkebok for Stavanger, Domkirken, 1868 - 1877, s. 32, nr. 196. Utsnitt. Statsarkivet i Stavanger.

_______________________________________________________________________

Den vesle jenta vart kalla Hanna i familien. Som fotograf med eige firma seinare i livet skreiv ho seg Hannchen Jacobsen. Det var dette namnet som stod i dødsannonsen i 1908. Wally var mora sitt familienamn frå Tyskland. I Stavanger skreiv mora seg fru Louise Jacobsen.

Det er all grunn til å tru at Louise Jacobsen vart eit førebilete for både Hannchen Jacobsen, og for dei tre andre døtrene. Ei forteljing om fotograf Hannchen Jacobsen er også ei forteljing om mora, Louise Jacobsen og om resten av familien.

Hannchen Jacobsen ved arbeidsbordet i forretninga si. Glassnegativa står til tørk ved vindauget. Kameraet i framgrunnen var nyaste modell. Jacobsen var Kodak-forhandlar i byen. Dette gav firmaet eit solid bein å stå på. Fotografiet er frå om lag 1906. Foto: Rachel Johnsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

_______________________________________________________________________

Familiebakgrunnen

Fotograf Carl Lauritz Jacobsen opna atelier i Bergen i 1861. I 1864 flytta han med familien til Stavanger. Kanskje tenkte han at det var betre plass for ein atelierfotograf i denne byen enn i Bergen.

Carl Lauritz Jacobsen var frå Kristiania. Han møtte Anna Louise Emilie Wally i Kiel. Dei gifta seg der i 1860 og fekk etter kvart ni barn; fire døtre og fem søner. Dei to eldste vart fødde i Bergen, dei andre i Stavanger. Både Carl Lauritz og den yngste sonen døydde av skarlagensfeber i 1879, som mange andre i Stavanger dette året. I 1871 hadde foreldra mista den nest yngste sonen.

Etter at ektemannen døydde, fekk fru Jacobsen eineansvaret for både dei sju gjenlevande barna, for fotograffirmaet C. L. Jacobsen og for ei cigarforretning ektemannen etablerte i 1878. Som gift kone var Louise Jacobsen umyndig. Ho hadde ikkje anledning til å vera sjølvstendig næringsdrivande. Den retten fekk ikkje gifte kvinner før i 1895, sjølv om dei vart myndige sivilrettsleg i 1888. Enkjer kunne likevel søkja om dispensasjon frå denne loven for å vidareføra firma etter avdøde ektefeller. Det må Louise Jacobsen ha gjort. Tre månader etter at mannen døydde, annonserte ho i Stavanger Amtstidende- og Adresseavis at ho heretter dreiv atelierfirmaet ”Fotograf Jacobsens Enke”. Med den store barneflokken greidde ho naturleg nok ikkje dette åleine. Louise Jacobsen hadde fleire tilsette, både retusjørar og fotografar. Atelierfirmaet var kjent og velrenommert på den tida, både i byen og i distriktet rundt. Mange fotograferte seg hos Jacobsen.

Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen fotograferte gjerne kvarandre, både i butikken og på fritida, på turar i naturen. Dette portrettet av Jacobsen i forretninga er frå om lag 1906. Negativarkivet inneheld fleire slike. Kunstnarleg representerer desse portretta dei mest verdfulle fotografia i arkivet etter Jacobsen og Johnsen. Foto: Rachel Johnsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

_______________________________________________________________________

Den gåverike søskenflokken

Dei fire døtrene og dei tre sønene som voks opp, arbeidde alle ei tid i familiefirmaet. Både eldste dottera og alle dei tre sønene fekk profesjonell opplæring i Waldenburg i Tyskland. Ei søster av Louise Jacobsen og familien hennar budde også i denne byen. I 1880 kunngjorde Louise Jacobsen i ei av Stavanger-avisene at eldste dottera nyleg var heimkomen frå eit lengre studieopphald i utlandet, og at ho hadde gått inn i firmaet. Det same skjedde i 1882. Då hadde den eldste sonen kome heim frå utdanning i Tyskland og skulle gå inn i familiefirmaet. 

Dei tre sønene dreiv sidan familiefirmaet etter tur. August Jacobsen braut ut først og reiste til Paris for å utdanna seg til kunstmålar i 1893. Carl Johan og broren Louis Anton overtok firmaet og dreiv det i lag til Louis Anton flytta til Bergen og opna atelier der i 1897. Carl Johan dreiv då firmaet vidare åleine under firmanamnet Carl Jacobsen. I 1915 bestemte han seg for avvikling. Fotofirmaet til familien Jacobsen vart eit av dei solide firma i byen og fekk ei levetid på 51 år. I 1916, året etter, vart også firmaet Hannchen Jacobsen etablerte i 1904, avvikla.

Søskenflokken Jacobsen var også kunstnarleg utrusta på andre område. Alle barna trakterte eitt eller fleire musikkinstrument, og fleire av dei var dyktige teiknarar og målarar. Kunstnargåvene hadde dei særleg frå mora og mormora i Tyskland. I ettertid er den tredje sonen, kunstmålar August Jacobsen, den mest kjende av dei.

Hannchen Jacobsen og fotografmiljøet i Stavanger

Hannchen Jacobsen og to av søstrene fekk ikkje fotografopplæring i Tyskland som dei fire andre søskena. Dei vart i staden negativretusjørar i familiefirmaet. Alle større fotograffirma hadde både ein og fleire retusjørar. Fleire var kvinner. Dei aller fleste er ukjende for oss i dag. Folketeljinga 1900 og 1910 viser dei kvinnene som arbeidde i fotograffirma i Stavanger. Hannchen Jacobsen budde i lag med mora og arbeidde hos broren til ho etablerte eige firma med ei av søstrene som medhjelpar i 1904.

Då Carl Lauritz Jacobsen kom til byen i 1863, hadde den store moten med visittkortportrett så vidt begynt. Portrettfotografering vart eit viktig grunnlag, men ikkje heile levebrødet for Jacobsen-familien og for dei andre fotografane i byen. Det galdt om å finna fleire bein å stå på. Avisannonsar fortel at fotografane kom med tilbod om avfotografering eller kopiering av alle typar eldre bilete. Familien Jacobsen restaurerte også maleri og hadde rammeverkstad.  I 1878 fekk Carl Lauritz Jacobsen handelsborgarskap og opna cigarforretning som ei tilleggsnæring.

Konkurransen var hard mellom fotografane. Likevel kom det fleire nye fotograffirma tidleg på 1900-talet. I 1901 flytte Karen Henrichsen til Stavanger frå Arendal og etablerte firmaet ”Henrichsen & Co” saman med Hakon Johannessen, også han frå Arendal (lenke).  Dette året var det heile åtte atelierfirma i byen, og fleire kom til dei første åra etterpå. Hannchen Jacobsen måtte derfor finna si eiga nisje då ho starta for seg sjølv i 1904.

Postkorta var svært populære i åra etter 1905. Dei viste både typiske turistmotiv og den nye kongefamilien. Heimstadkort vart også svært populære. Mange, både fotografar og folk frå andre yrkesgrupper, satsa på postkortproduksjon. Hannchen Jacobsen fotograferte også til postkort, men omfanget er ukjent. Ho var i alle fall ikkje ein av dei store turist- eller heimstadkortfotografane i Rogaland.

Dette kortet frå Lysebotnen er eitt av dei aller første frå Lysefjorden og frå om lag 1905. Dette var før Preikestolen vart eit kjent turistmotiv. Foto: Hannchen Jacobsen. Privatarkiv nr.1479, Statsarkivet i Stavanger.

Fleire negativ i arkivet etter Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen har typiske postkortmotiv frå Stavanger. Dette viser Byfjorden sett frå Valbergtårnet. Den viktigaste kjøpargruppa var truleg ikkje utanlandske turistar, men folk flest i Stavanger. Foto: Hannchen Jacobsen. Privatarkiv nr.1479, Statsarkivet i Stavanger.

________________________________________________________________________

Eige firma med fotobutikk

I 1904 vart Hannchen Jacobsen den andre kvinna i Stavanger med eige firma innan fotobransjen. Søstera Edvine Alette arbeidde også i firmaet Hannchen Jacobsen & Co ved etableringa og til ho gifta seg eitt års tid etterpå. Hannchen Jacobsen dreiv då vidare saman med Rachel Johnsen (1870 – 1960) til ho døydde 9. november 1908.

Hannchen Jacobsen annonserte første gong i Stavanger Aftenblad 27. februar 1904 med ”Nyt! Amatørfotografer. Nyt!” Annonsen fortalde  at  ho den følgjande veka skulle opna ei forretning i fotografiske artiklar. Ho skulle også ta på seg negativretusjering for etablerte firma i byen: ”NB 1ste Klasses Negativretousche for Fagfotografer udføres”.  Det er grunn til å tru at Hannchen Jacobsen hadde negativretusjering for broren og firmaet hans. Dermed hadde ho i alle fall ein sikker kunde. Firmaet reprofotograferte også eldre portrett og framkalla filmar for folk som hadde eigne kamera. Etter 1902 kom det nye Kodak Brownie Box Camera  for amatørfotografar. Fotografering vart mote hos borgarklassen. 

Hennchen Jacobsen var ikkje den første i byen som satsa på denne nye kjøpargruppa. I året 1900 opna den tidlegare atelierfotografen Jan Greve fotobutikk. Greve og Jakobsen konkurrerte nok om den same kundegruppa. Dei to var heller ikkje åleine i byen om å selja fotografisk utstyr. Båe fekk etter kvart behov for å utvida vareutvalet. I 1906 vart dei naboar i Kirkegata. Dette året flytte Greves fotografiske Forretning  til Kirkegata 15. Butikken til Hannchen Jacobsen låg i Kirkegata 16. I samband med flyttinga annonserte Jan Greve i Stavanger Aftenblad 17. april 1906 at han utvida vareutvalet: ”Forretningen er samtidig utvidet og føre Droger, Kjemikalier, Parfumer, Forbindsstoffe, artikler for Syge- og Barnepleien etc”. Hannchen Jacobsen reklamerte på same tida med at firmaet hennar i tillegg til alle typar fotografiske artiklar, også selde innramma bilete, fotografirammer og brevkortrammer. Firmaet hadde også eit rikt utval av prospektkort.

Fotofirma Greve selde også postkort. I ettertid ser det ut for at det nettopp var på området lokalproduserte postkort, eller reportasjekort som Hannchen Jacobsen fann nisja si. Ho var ute i byen og fotograferte folkelivet på ”store” dagar. Etterpå produserte ho sjølv fotografiske postkort som ho selde i butikken sin. På den tida vart dei aller fleste postkorta produserte i Tyskland. I ettertid ser unekteleg postkorta til Hannchen Jacobsen litt heimelaga ut. Dette var fotografi produserte på fotopapir med postkortformat, ikkje trykte kort.

I åra rundt 1905 var postkortmoten på det høgaste her i landet. Noreg vart sjølvstendig i 1905, landet fekk eigen kongefamilie og næringsliv og turisme blomstra. Det var mange aktuelle postkortmotiv. Hannchen Jacobsen såg potensialet i Stavanger. Ho fotograferte i byen både under folkeavstemminga om unionsoppløysing 13. august 1905, då det nye kongeparet besøkte Stavanger under kroningsturen i juli 1906, og ved seinare 17. mai-feiringar.

Desse fire fotografia frå juli 1906 viser kongeskipet Mira på veg inn Byfjorden, Kongen på Ullandhaug saman med eit damekor i nasjonaldrakt, unge kvitkledde jenter i sentrum, mellom domkyrkja og banken, og ein av dei tre flotte kongeportalane som var sett opp på sentrale stader i byen. Hannchen Jacobsen stilte dei fotografiske korta ut i butikken sin kort tid etter kongebesøket. Alle som ville, kunne kjøpa dei. Foto: Hannchen Jacobsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

__________________________________________________________________________

Kroningssommaren 1906 var særleg med på å gjera postkortet til ein populær moteartikkel hos folk flest. Hannchen Jacobsen bidrog i høg grad til dette i Stavanger. Under det første norske kongebesøket i Stavanger og Rogaland, 26. og 27. juli 1906, introduserte nemleg Jacobsen ein ny type lokale postkort, det nærast dagsferske reportasjekortet. Desse postkorta supplerte avisreportasjane. Pressefotografiet eksisterte ikkje då. Denne situasjonen kunne Hannchen Jacobsen dra fordelar av. Ho fotodokumenterte ”store” hendingar i byen og produserte fotografiske postkort for sal i butikken etterpå 

Den 21. mai 1907 sette ho til eksempel inn ein annonse i avisa Vestlandet der ho kunngjorde at det var ho som hadde teke fotografiet av barnetoget 17. mai som var på førstesida i avisa same dagen. På den tida var det ikkje vanleg med fotografi i avisene, i alle fall ikkje nye reportasjefotografi. Annonsen kunngjorde også at: ”I firmaets Forretningsvinduer findes udstillet en Række vellykkede Billeder for øvrig fra Festdagen i Stavanger”.  Hannchen Jacobsen var ikkje den første fotografen i byen som stilte bileta ut for sal, men ho var kanskje den første som stilte ut mange ”vanlege” 17. mai-bilete. Det er grunn til å tru at ho hadde ei stor kjøpargruppe, både til dei lokalproduserte postkorta og til fotografia frå folkelivet på nasjonaldagen. Slik sett utfylte dei to søskena Jacobsen kvarandre i byen. Fotofirma Jacobsen averterte til eksempel i 1896 med fotografi frå besøket til kong Oscar II. Seinare annonserte ofte broren Carl Johan i avisene når han hadde fotografert ”kjendisar” som besøkte byen. Han annonserte i lokalavisene at folk kunne studera desse i utstillingskassen hans sentralt i byen. Under kongebesøket i Stavanger i 1906, var søstera Hannchen Jacobsen den viktigaste fotografen i byen.

Frå 1870-åra og framover leverte familiefirmaet Jacobsen mange oppdragsfotografi frå næringslivet i byen og distriktet. Seinare, då dei to søskena Jacobsen var åleine igjen, delte dei kanskje oppdragsfotograferinga mellom seg, eller dei spesialiserte seg på ulike typar fotografering. Carl Jacobsen var ingen stor postkortprodusent. I staden leverte firmaet Hannchen Jacobsen & Co postkort med typiske turistmotiv i Ryfylke og på Jæren, som Lysebotnen, gamle Årdal kyrkje og Jærhavet. Det er likevel ikkje bevart mange kjende postkort i denne gruppa frå Hannchen Jacobsen og sidan frå Rachel Johnsen si hand.

Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen var nære vener, også privat. Rachel Johnsen kom inn i firmaet etter 1905. Bevarte familiefotografi hos slektningane hennar viser at også ho var ein habil fotograf. I ledige stunder fotograferte dei to kvinnene kvarandre i det vesle butikkatelieret. I ettertid er desse fotografia også verdfulle sidan dei viser litt av interiøret i butikken og atelieret.

Dette uvanlege og særeigne fotografiet viser dei to veninnene Jacobsen og Johnsen med Kodak-kameraet fotografert gjennom ein spegel. Forstørra portrettfotografi i bakgrunnen fortel at vi er i forretninga deira. Dei to veninnene fotograferte gjerne seg sjølv og eksperimenterte med ulike ”settingar”. Slik sett var yrket deira ein fristad der kvinner med kunstnarlege evne kunne utfalda seg. Foto: Hannchen Jacobsen/Rachel Johnsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

_________________________________________________________________________

Den fotografiske arven etter Hannchen Jacobsen

Då Rachel Johnsen vart åleine, endra ho firmanamnet til ”Rachel Johnsen” . Vareutvalet var det same som då kollegaen levde, men Rachel Johnsen annonserte at ho også 

selde store og små sjølvproduserte lampeskjermar. Rachel Johnsen var flink til å hekla. Det var moderne med hekla lampeskjermar på den tida. Firmaet var framleis eineforhandlar av Kodak-produkta, men Rachel Johnsen mista denne retten til ein mannleg fotoforhandlar i byen. Rachel Johnsen avvikla firmaet i september 1916. Utan Kodak-agenturet var det truleg ikkje grunnlag for å driva firmaet vidare.

Negativarkivet etter Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen består i dag av 452 glasnegativ. Minst halvparten av desse er etter Rachel Johnsen og viser familien hennar. Då Rachel Johnsen avvikla firmaet, tok ho truleg berre vare på dei mest interessante negativa etter samarbeidet med Hannchen Jacobsen. Mange av desse er frå kongebesøket i 1906. Dessutan finst det nokre få postkortnegativ med generelle Stavanger-motiv. Mange negativ viser dei to veninnene i atelieret. Kunstnarleg representerer desse portretta og sjølvportretta ”det beste” etter dei to kvinnene. 

Hannchen Jacobsen voks opp med ei mor som fekk eineansvaret for ein stor barneflokk og eit velrenommert firma i Stavanger. Som vaksen vart ho buande i lag med mora og hadde eit sikkert arbeid hos broren i familiefirmaet Jacobsen. Hannchen Jacobsen ønskte tydelegvis å verta sjølvstendig og å etablera eige firma. I 1904 var det ingen formelle hindringar for dette. På dette tidspunktet hadde ho eiga inntekt og dei same rettane elles som fotografbroren, men med eitt unntak. Ho kunne ikkje stemma ved Stortingsval. Dette fekk ho heller ikkje oppleva før ho døydde i 1908.

Utrykte kjelder

Statsarkivet i Stavanger:

-Privatarkiv nr. 1479 Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen

-Stavanger byfogdembete: Register over sletta firma 1891 – 1987.

-Stavanger byfogdembete: Firmaregisterprotokoll B2, 1900 – 1911.

Nettstader

-Arkivverket, Digitalarkivet:

Folketeljinga for Stavanger 1900 og 1910.

Kirkebok for Stavanger, Domkirken, 1868 - 1877

-Fotonettverk Rogaland: www.fotonettverk-rogaland.no

-Nasjonalbiblioteket: http://www.nb.no/nmff/fotografer.php  : Register over norske fotografer

og fotografiske samlinger.

Litteratur

-Ekeberg, Jonas/Østgaard Lund, Harald (red), 2008: 80 millioner bilder. Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 .

-Henriksen, Egil, 1992: Fra kuriositet til etablert håndverk. Stavanger Museum Årbok 1992.

-Henriksen, Egil, 1993: Portrett, illustrasjon og dokumentasjon. Fotografiet i Stavanger fra 1885 til 1920 . Artikkel i Stavanger Museum Årbok 1993.

-Kavli, Brit Jacobsen (red), 1986: Slekten Wally, Jacobsen fra Bygdøy, Bærum og Garding til Stavanger og Oslo.  Upublisert slektshefte.

-Risa, Lisabet, 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland.

-Stavanger Aftenblad 1893 – 1916.



.