Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kyrkjeboka viser at Elisabeth Christine var fødd 16. april 1869 og døypt 2. mai 1869.
Kjelde: Soknepresten i Rennesøy, kyrkjebok nr. A6, 1860 – 1878, fol. 51b – 52a, nr. 21. Statsarkivet i Stavanger.

Elisabeth Christine var første barnet til David og Serina Edland på Voll i Mosterøy. Garden høyrde då til Askje sokn i Rennesøy prestegjeld og Rennesøy kommune. Ho vart fødd i morsheimen på garden Dysjaland, ikkje langt frå heimen til faren, den tidlegare sorenskrivargarden på Voll. Besteforeldre og slektningar på Dysjaland og Voll var fadrar ved dåpen. Den vesle familien flytta ei tid etter til farsheimen på Voll.

David og Serina fekk seks barn. Alle vart vaksne. I ettertid er Elisabeth den mest kjende av barna deira, sjølv om Kristian Edland, eldste sonen vart stortingsrepresentant. Kven skulle tru at den vesle jenta vart lærarinne i heimbygda, 16 år gamal, eller at ho vart ein landskjend reisetalar og skribent for fråhaldssaka, kvinnesaka og målsaka lenge før kvinnene vart politisk myndige. I ni år, frå 1892 til ho døydde i 1901, reiste ho over heile landet, også i Danmark, som tilsett reisetalar i DNT, Det Norske Totalavholdsselskap.

Elisabeth Edland hadde fleire namn. Heime på Mosterøy var ho ”Lisa Vodl”, Lisa på Voll. I offentleg samanheng heitte ho helst Frk. Edland eller meir offisielt Elisabeth Edland. Me brukar Elisabeth Edland og Elisabeth i denne artikkelen.

Bauta

Askje kyrkjegard med grava til Elisabeth Edland. Den 8 meter høge granittbautaen ruver på den vesle kyrkjegarden og gjer eit mektig inntrykk. Kven kunne tru dette er eit minnesmerke over ei ung kvinne. Foto: Lisabet Risa, 2013. Statsarkivet i Stavanger.

Relieff

Relieffet i bronse på bautasteinen viser Elisabeth Edland i profil. Det framstiller ei myndig og trygg kvinne. Kunstnaren Ambrosia Tønnesen var den første profesjonelle kvinnelege bilethoggaren i Noreg. Foto: Lisabet Risa, 2013. Statsarkivet i Stavanger.

Det første, store minnesmerket i Norden over ei kvinne?

Då bautaen på grava til Elisabeth Edland vart avduka i 1903, skal denne ha vore den første store minnesteinen i Norden som vart reist for å heidra ei kvinne. Bautaen var resultat av ein nasjonal innsamlingsaksjon i regi av DNT. Både bautaen og relieffet vitnar om at Elisabeth må ha vore ei uvanleg kvinne. Dette vert og stadfesta av dokumentasjonen frå gravferda i 1901 og frå avdukinga av bautaen i 1903.

Elisabeth Edland døydde 7. desember 1901 i Bergen. Ho vart akutt sjuk under eit opphald der i samband med ein føredragsturne. Etter ein seremoni på Misjonshotellet der ho budde då ho døydde, følgde ein stor sørgjeskare båra ned til kaien i byen, til nattruta ”Sandnes”.  Den siste reisa heim til Mosterøy tok til. Sokneprest Sverdrup heime på Rennesøy skreiv ”Totalavfoldsagent” under rubrikken ”Yrkestittel” i kyrkjeboka då han førte inn dødsfallet. 

Stavanger Totalavholdsforening hadde annonse i Stavanger Avis 11. desember 1901 om ekstrabåt frå byen til gravferda på Mosterøy. Ei stor menneskemengde kom til Askje kyrkje fredag 13. desember 1901. Dampskipet ”Fjordbuen” kom frå Stavanger med mange vener og kjenningar, og med eit heilt hestekjerrelass med kransar frå heile landet. Stavanger Totalavholdsforenings Musikkkorps spela sørgemarsjar under den siste ferda frå heimen til kyrkja, og under gravferda. Blomekransane fylte kyrkjeromet. Det vert fortalt at dei nådde lysekruna i taket. ”Skal tro om vårt land noen gang har vært vidne til en lignende begravelse, om det noen gang ved en enkelt båre har vært så mange blomsterhilsener fra alle dele av det vidstrakte Norge, som her,” skreiv adjunkt Gotaas i Stavanger Aftenblad etter gravferda. Rundt om i heile landet var det lokale minnemarkeringar over den kjende Ryfylke-kvinna.

Om lag 2 500 menneske var samla ved avdukinga av bautaen, sundag 16. august 1903. Mange hadde kome med fire ekstrabåtar frå Stavanger og med ein frå Haugesund. Det var flagg langs vegen frå kaien til kyrkja. På kyrkjegarden var det reist tribune for ein kvartett som framførde songar eller kvad skrivne spesielt til Elisabeth Edland. Forfattarane var Per Sivle og Anders Hovden. Stavanger Totalavholdsforenings Musikkkorps spela sørgemarsjar undervegs frå heimen til kyrkjegarden og til songen elles. Mange la ned kransar ved bautaen.

Innsamlingsaksjonen hadde starta 3. februar 1903 i ”Menneskevennen”, bladet til DNT. Til saman 44 kvinner og 72 menn frå frå heile landet signerte oppropet. Det var ikkje vanleg på den tida at kvinner skreiv under på eit nasjonalt opprop. Mellom 30 000 og 40 000 personar gav pengar til bautaen. Dette var truleg den første, store folkeaksjonen i Noreg som engasjerte både vanlege kvinner og menn. 

Kvifor dveler me ved gravferda og ved avdukningsseremonien? Faktum er at rammene rundt desse to seremoniane i 1901 og 1903 og den store folkemengda var ganske uvanlege i samtida. Dette var nemleg gravferda til, og avdukinga av ein bautastein over ei ung kvinne, ikkje ein kjend mann! Kven var denne kvinna som døydde 32 år gamal i 1901?

Elevane ved amtsskulekurset for jenter vinteren 1884 samla i tunet utafor hovudhuset på Hauskje prestegard på Rennesøy. Dei to mannlege lærarare er amtsskulestyraren i Ryfylke, Torkell Mauland til venstre, og andrelæraren Aamund Salveson. Kurset hadde og ei handarbeidslærarinne i praktiske fag. Dette var Dorthea Sandved eller Anna Hommeland. Elisabeth Edland sit i midten fremst med Bertha Dorthea Edland, den to år eldre fastera og veninna til høgre. Foto: Carl Kørner, Stavanger. Arkivet til Amtsskulen i Ryfylke. Statsarkivet i Stavanger.  

_____________________________________________________________________________

Kven var den unge kvinna frå Mosterøy som engasjerte så mange?

Elisabeth Edland er eit godt døme på at foreldra, heimen og lokalmiljøet kan ha svært mykje å seia for danninga av eit ungt menneske. David og Serina Edland var  20 og 23 år då dei fekk første barnet. Dei var samfunnsengasjerte i vid forstand. Gjennom heile oppveksten hadde Elisabeth også alle fire besteforeldra i nærmiljøet sitt. Heimen hennar var eit poltisk sentrum på Mosterøy og ein samlingsplass for ungdommen i bygda der det mellom anna var song og høgtlesing frå aktuell litteratur på sundagsettermiddagane. Heimen var og postgard og vart dermed eit sentrum i bygda for alle som skulle henta eller senda post. David Edland vart tidleg engasjert i lokalpolitikken. Han var den siste ordføraren i den store Rennesøy kommune og den første ordføraren i Mosterøy kommune då denne vart skilt ut frå Rennesøy i 1884.

Elisabeth Edland såg seinare tilbake på skuletida og på lærar Hammer med glede. Sokneprest Thygesen vanka ofte i i heimen hennar. Han styrte skulen i prestegjeldet fram til 1889 som leiar av skulekommisjonen. Thygesen var oppteken av skulen og av barna i positiv forstand.  Både læraren og presten fekk mykje å seia for den unge skulejenta.

Elisabeth Edland vart konfirmert i 1883, og den følgjande vinteren var ho elev ved amtsskulekurset for kvinner i Ryfylke. Amtsskulen for menn var oppretta i 1875. Amtsformannskapet med amtmannen i spissen forstod at det var viktig at også unge jenter fekk eit teoretisk utdanningstilbod utover barneskulen. Det første kvinnekurset kom i gang i 1880. Då hadde amtmannen lenge vore oppteken av å gje kvinner eit praktisk skuletilbod som tilsvara landbruksskulen for unge menn. Det gjekk likevel mange år før amtsformannskapet vedtok å setja i gang den praktiske jenteskulen  på Åsland i Time i 1883. Då hadde Stavanger amt hatt landbruksskule for menn i 37 år.

I 1884 var amtsskulen for kvinner eit 12 veker langt kurs på prestegarden i Rennesøy. Fredag 28. mars 1884 skreiv presten i dagsregisteret sitt at han denne dagen heldt tale ved ”Amtsskolens Afslutning”. Lærarane Torkell Mauland og Aamund Salveson var mellom dei fremste i Rogaland og fekk svært mykje å seia for Elisabeth Edland. Skulekurset gjorde henne til ein ivrig tilhengar av det nye landsmålet. Dette låg i tida. Året etter, i 1885, jamstelte Stortinget nynorsk og bokmål som skriftspråk i landet vårt. Kurset nørte også dei historiske og nasjonale interessene hennar. Dette var og straumdrag som låg i tida. Elisabeth tenkte nok på å verta lærarinne etter denne skulevinteren.  

Journalen til soknepresten viser at han mottok søknad frå Elisabeth Davidsdotter Edland på hjelpelærarinneposten i Vaula og Kloster krinsar den 29. november 1884. Kjelde: Rennesøy sokneprestkontor, journal 1863 – 1886, s. 173b. Utsnitt. Statsarkivet i Stavanger.

Yrkeskvinne i ei nasjonal blomstringstid  

I 1860 vart ordet lærarinne for første gong brukt i ein norsk lovtekst. Dette var i den nye loven om skular på landsbygda. Loven gav kvinner anledning til å søkja på lærarinnepostar i landsskulen. Frå då av kunne vanlege jenter frå landsbygda verta lærarinner for sine eigne. Dette skjedde før ugifte kvinner i 1863 vart myndige i sivilrettsleg forstand. Motivasjonen for å sleppa kvinnene til i skulen var nok for ein stor del økonomisk. Kvinneleg arbeidskraft var mykje rimeligare enn mannleg. Folkeauken på den tida, og den generelle betringa innan skulestellet, kravde fleire lærarar. Då kunne kvinner med interesse og legning for yrket vera gode å ta til. Fleire meinte nok også at kvinner var betre eigna til å ta seg av dei minste elevane enn mannlege lærarar.

Etter at kvinnene i teorien fekk tilgang til læraryrket, vart det nødvendig med ei betre skulering av aktuelle lærarinneemne. I 1870-åra kom det lærarinnekurs fleire stader i landet. Kvinner fekk til og med sleppa til på eigne kurs ved det tradisjonsrike lærarseminaret i Klæbu i Gudbrandsdalen, truleg frå 1881. Desse vart årvisse fram til 1892, men enn så lenge fekk ikkje kvinnene ta full to-årig seminarutdanning.

I 1890 vedtok Stortinget "Lov om Seminarer og Prøver for Lærere og Lærerinder i Folkeskolen". Først då opna det seg ei ny verd for kvinner som ønskte å velja læraryrket. Dei kunne ta to-årig seminarutdanning på lik linje med menn. Men lønsvilkåra var ikkje dei same for dei to gruppene. Gifte kvinner hadde heller ingen plass i skulen då.

Då loven kom, hadde Elisabeth Edland vore lærarinne i heimbygda i fleire år. Ho fortel sjølv i eit bevart intervju frå 1896, at ho var oppteken av golvvask ein haustdag i 1884 då faren kom heim frå møte i skulekommisjonen og bad henne søkja den ledige hjelpelærarinneposten i Vaula og Kloster krinsar på Mosterøy. Sokneprest Thygesen var leiar av skulekommisjonen og hadde David Edland og to andre menn frå Mosterøy med seg der. Journalen til soknepresten viser at det kom fleire søknader i oktober og november 1884 frå utanbygds lærarinner. Journalen viser også at han mottok søknaden frå Elisabeth den 29. november 1884.

Det var kanskje greiast å tilsetja ein av sine eigne. Elisabeth fekk i alle fall posten våren 1885. Dette fortel ”Skolekommisjonens Forhandlingsprotokoll” for åra 1885 – 1932. Under første møtet i 1885, den 5. mai, står det i sak 2: ”Der er i Kloster og Vaule Skolekredser ansat en Hjælpelærerinde, der tillige er Lærerinde for Smaabørn samt i Haandgierning, med Bidrag fra Amtet for 24 Ugers Undervisning”.

Lærarinnetida var interessant for Elisabeth, og ho fekk gode skussmål. To somrar etter 1890 fekk ho reisa på sommarmøte for lærarar, til dei møta som Christopher Bruun heldt på folkehøgskulen sin, Vonheim i Gausdal, ikkje langt frå heimen til Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad.

Ungdomstida til Elisabeth fall og saman med ei rik nasjonal blomstringstid for demokratiet i Noreg. Det nystifta partiet Venstre fekk fleirtal i Stortinget i 1882. Stortinget innførte parlamentarismen i 1884. Stemmeretten for menn vart utvida same året. Dei mannlege lærarkollegaene til Elisabeth fekk då stemmerett, så sant dei betalte skatt på ei årleg minsteinntekt på kr 500. Norsk Kvinnesaksforening vart også stifta i 1884 og Kvinnestemmerettsforeningen i 1885. I 1888 vart kvinner og menn likestilte i ekteskapet, og i 1890 behandla Stortinget for første gong spørsmålet om stemmerett for kvinner.

Me må gå ut frå at alt dette vart diskutert i heimen til Elisabeth Edland, også loven i 1890 som opna  lærarseminara for kvinner. Få vanlege kvinner på landsbygda kunne, eller hadde anledning til å tileigna seg så mykje kunnskap i heimen på den tida som Elisabeth og søskena. Men i 1892 tok ein ny periode til i livet hennar.  Då slutta ho som småbarnslærarinne heime på Mosterøy og vart reisetalar for DNT.

Dette fint komponerte portrettet er truleg frå 1898. Det året var i alle fall Elisabeth Edland på ein føredragsturne i Hedmark. Kanskje kjende ho og fotografen kvarandre frå før. Ragnhilda Eriksen var ei av dei 44 kvinnene som skreiv under på oppropet om innsamlingsaksjon til bautaen i 1903.  Foto: Ragnhilda Eriksen, fotografisk atelier, Hamar. Privat eige/Statsarkivet i Stavanger. 

___________________________________________________________________________

Folketalar for fråhaldssaka, målsaka og kvinnesaka 

Då Elisabeth Edland fotograferte seg hos Ragnhilda Eriksen på Hamar, var ho ei kjend kvinne. Ho hadde mellom anna vore med på å kjempa ei for svært mange, viktig nasjonal kampsak fram til siger på Stortinget med brennevinsloven i 1894. Loven slo mellom anna fast at omsetting av brennevin skulle leggjast inn under samlag i byane, og at lokale folkeavstemmingar skulle avgjera kva byar som skulle ha samlag. For Elisabeth og for den nasjonale fråhaldsrørsla var det viktig at alle kvinner skulle ha stemmerett på like fot med mennene i slike saker. Dette var lenge før kvinner fekk politisk stemmerett. Elisabeth kjempa for denne saka i talar og på føredragsturnear over heile landet. Det var langt frå ei opplagt sak at kvinner skulle ha stemmerett i slike lokale folkeavstemmingar.

For Elisabeth Edland var dette andre gongen ho kjempa for at kvinner og menn skulle ha same rettar. Første gongen var då ho engasjerte seg i DNT. Då kvekaren Asbjørn Kloster stifta organisasjonen i Stavanger i 1859, var lik stemmerett for kvinner og menn i organisasjonen sjølvsagt for han. Etter at han døydde i 1876, endra leiande menn i organisasjonen på dette.

Elisabeth Edland og søskena hennar vart mellom dei første medlemmane då det vart stifta ei fråhaldsforeining på Mosterøy i 1886. Ho var 19 år då ho heldt den første talen sin i foreininga. I 1891 vart Elisabeth utpeika som lokal utsending til eit krinsmøte i Time kommune. Der heldt ho eit vektig innlegg på uforfalska mosterøymål under ein debatt om kvinnestemmeretten i organisasjonen.  Innlegget hennar gjorde eit så stort inntrykk på den seinere biskop Peter Hognestad at han bad Elisabeth om å arbeida for fråhaldssaka. For Elisabeth var dette ei oppmuntring. Ho slo til og vart talar på møte og stemne rundt om i Rogaland på oppdrag av Stavanger krins av DNT. På den tida var ein kvinneleg reisetaler ein sensasjon. Ho møtte også motbør av den grunn. Men Elisabeth  vann fram, som ved gjeninnføringa av stemmerett for kvinner i DNT i 1892. 

Sommaren 1892 talte Elisabeth Edland på landsmøtet til DNT i Halden. På den tida var DNT ein av dei store frivillige landsorganisasjonane med ein markant leiar i venstrepolitikaren og stortingsrepresentanten Sven Aarrestad. Fleire av dei som var på møtet, fortalde seinare at måten Elisabeth opptredde på og talegåvene hennar, nærast verka magisk. Både Sven Aarrestad og fleire andre oppfordra henne til å seia frå seg lærarinneposten i heimbygda og å arbeida for fråhaldssaka på heiltid.

Slik gjekk det. Etter å ha tenkt seg om ei tid, samtykka ho og tok steget bort frå det trygge heimemiljøet. Då var ho 23 år gamal. I dei neste ni åra var ho stadig på farten. Som reisesekretær i DNT vart heile landet arbeidsfeltet hennar. Ho fekk stifta ei rekkje nye foreiningar, frå Troms i nord og nedover. Elisabeth engasjerte seg også på andre område. Ho heldt talar både om målsaka, fredssaka og om kvinnene sin rett til full likestilling. Til aviser og organisasjonsblad skrev ho mange reisebrev og artiklar, også om heilt andre emne, til dømes om skogplanting. Elisabeth må ha vore svært sterk, både fysisk og psykisk, for å kunna greia all reisinga og alle opphalda rundt om i landet hos kjende og ukjende støttespelarar. Folketeljinga 1900 viser til dømes at ho då var ”Enslig losjerende” som ”Datter i hjemmet. Emissærvirkende i Totalafholdssagen”, hos gjestgjevar og bakar Tobias Olsen og kona, landhandlerske Sina Jensen på Huse i Konsmo i Aust-Agder.

Kampen for kvinnestemmeretten hadde i Elisabeth Edland ein aktiv og engasjert forkjempar. Ho hadde verka til at kvinnene fekk stemmerett på lik fot med mennene, både i DNT og ved samlagsavstemmingar i byane. Sidan vart det den politiske stemmeretten som stod for tur. I mai 1899 heldt ho føredrag på møtet i Stavanger Kvinnesaksforening i den store Turnhallen der i byen om stemmerett for kvinner. Stavangerkvinnene og Elisabeth hadde ulik sosial bakgrunn, men felles mål. Elisabeth fekk oppleva Stortingsvedtaket om avgrensa kommunal stemmerett for kvinner den 29. mai 1901. I desember same året døydde ho. 

Kanskje har ikkje Elisabeth Edland fått den plassen ho fortener i den nasjonale historia. Dette ser me særleg nå i stemmerettsjubileumsåret 2013 der kvinner frå borgarmiljø i byane dominerer i nye bøker og artiklar om temaet. Mosterøykvinna Elisabeth Edland samla langt større folkemengder til dei mange føredraga og talane sine enn nokon av desse. Kvifor har ikkje Elisabeth fått større plass i historiebøkene våre? Det spørst om ikkje dette har med interesseområda og kampsakene hennar å gjera. Korkje kvinnesak, fråhaldssak eller målsak fenga dei mennene som skreiv historiebøkene våre på 1900-talet.

Kjelder 

Arkivverket : www.digitalarkivet.no

-Informasjon om Elisabeth Edland finst i kyrkjebøker for Rennesøy (dåp, konfirmasjon og gravferd) og i folketeljinga 1900.

- Soknepresten i Rennesøy: Kyrkjebok A7, 1878 – 1884, Dagsregister: Fredag 28.3.1884.

Statsarkivet i Stavanger :

-Soknepresten i Rennesøy: Journal 1863 – 1886, side 173b: Lærarinnesøknad.

-Folketeljinga 1875 for Rennesøy prestegjeld.

-Amtsskulen i Ryfylke: Fotografisamling.  

-Privatarkiv nr 106 Stavanger Totalavholdsforening.

IKA Rogaland, Rennesøy kommune :

-Mosterøy kommune, Skulestyret, møtebok 1885 – 1932: Første møtet, 5. mai 1885.

Litteratur:

-Aarrestad, Sven, 1920: ”Elisabeth Edland. Et liv i det godes tjeneste”. Inneheld mellom anna intervjuet med Elisabeth Edland frå 1896. 

-Norsk biografisk leksikon: Artikkelen om Elisabeth Edland.

-Ramndal, Lars, 1969: ”Elisabeth Edland 1869 – 1969”.

-Sunnanå, Sigmund, 2013: ”Elisabeth Edland – ei føregangskvinne i kampen for kvinnefrigjering og likestilling”. Artikkel i Skolehistorisk årbok for Rogaland 2012.



.