Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Kirkebok Sauda 1

Dorthea vart døypt 3. april 1877. Kjelde: Soknepresten i Sand, kyrkjebok for Sauda, 1859-1880, side 72, nr. 13. Statsarkivet i Stavanger.

Dorthea Rabbe vart fødd 9. mars 1877. Foreldra var landhandlar Åsmund Sondofsen Rabbe og Martha Samuelsdotter Fosstveit. Åsmund kom frå fjellgarden Rabbe i Røldal. Han kom til Sauda rundt 1875 og byrja som landhandlar same året. Sommaren etter gifta han seg med tenestejenta si, Marta Samuelsdotter Fosstveit. Dorthea var første barnet deira. Ho vart kalla opp etter farmora. Brørne Samuel og Sondof vart fødde i 1879 og i 1881. Dei tre syskena miste mor si ei veke før jul i 1881. Ho vart 31 år gammal. Kyrkjeboka fortel at jordpåkastinga fann stad 24. desember, men sjølve gravleggjinga kunne ikkje haldast før tela i jorda var borte, fire månader seinare, i april 1882. I mellomtida hadde Dorthea fylt fem år. Veslebroren Sondof døydde då han var eitt år gammal i juni 1882.

I 1880 hadde Åsmund og Marta starta som dei første med hotell i Saudasjøen. Det vart heitande ”Rabbes hotell”. Åsmund vart åleine med ansvaret for barna etter at kona døydde. Samstundes var truleg det nye hotellet i ein viktig oppbyggingsfase.

I 1883 gifte Åsmund seg med Berthe Oline Larsdotter Løland frå Sand i Suldal. Berthe Oline var syster til Ryfylke-diktaren Rasmus Løland. Han skal ha vore huslærar for Rabbe-borna ei tid. Julafta det året Åsmund og Berthe Oline gifta seg, fekk dei sonen Sondof. Han vart også kalla opp etter farfaren. Desse åra var nok særs travle for far til Dorthea. Han var og engasjert i fleire andre prosjekt i Sauda på denne tida. I boka ”Soga om Sauda” vert han omtala som ein ”markant person i bygda, som tok aktivt del i det politiske livet, og sette i gang ei rekke næringstiltak …” Han var involvert i gruvedrift, og han prøvde å oppretta eit kurbad i tilknyting til hotellet. Han var den første som såg ressursane i dei store vassdraga i Sauda og var den som starta med oppkjøp av vassrettar. I tillegg til å vere landhandlar og hotelleigar, var også Åsmund Rabbe postopnar i Saudasjøen frå 1888 til 1901. I heimen til Dorthea må det ha vore eit pulserande liv og stor aktivitet.

Rabbes Hotell

Rabbes Hotel i Saudasjøen, truleg i 1920-åra. Fotograf ukjend. Privatarkiv nr. 135 - Stavanger Turistforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

I folketeljinga 1885 finn vi den åtte år gamle Dorthea i Kopervik. Ho budde då hjå ekteparet Åsmund Halvorson og Borghild Sofie Samuelsdotter Vinje. Dei hadde fire barn då, den eldste ti år gamal. Barna var fødde i fire ulike prestegjeld. Åsmund var skulestyrar og kyrkjesongar. Familien flytte fleire gonger før dei slo seg ned i Kopervik. Kona til Åsmund kom frå Fosstveit i Sauda og var syster til Dorthea si mor. Vi veit ikkje kor lenge Dorthea budde hjå moster si, men det var truleg der ho gjekk på skulen.

Åsmund Halvorsen Vinje var skulestyrar, kyrkjesongar og ordførar i Kopervik frå 1884 til 1892. I perioden 1892-1905 var han både lensmann i Skudenes og magistrat (byfogd) i Skudeneshavn. Han var Stortingsrepresentant for Venstre frå 1886 til 1905. Frå mars 1905 til november 1906 var han landbruksminister. Eldstesonen Torkell overtok både som lensmann og magistrat etter faren i 1905. Han var fast representant for Høgre på Stortinget i perioden 1931-1949. Det er all grunn til å tru at Torkell og Dorthea også hadde kontakt med kvarandre som vaksne.

Dorthea fekk som skulejente, og jamgammal med søskenbarnet Torkell, truleg forsterka interessane knytt til politikk, norsk tradisjon og kultur då ho budde i Kopervik. Dette var ho van med frå den tidlegaste barndommen sin heime på hotellet i Saudasjøen, med både norske utanlandske gjester i eit hektisk reiselivsmiljø, og med ein far som var aktiv lokalpolitikar og i næringslivet elles. Desse impulsane og den travle kvardagen forma og påvirka Dorthea.

Dorthea var tilbake i Sauda i dei lange skuleferiane og då ho skulle ”gå for presten”. Ho vart konfirmert der hausten 1891.  Broren Samuel vart konfirmert i 1893. To år etter utvandra han til Amerika, 17 år gamal. I 1896 var Dorthea ein av initiativtakarane då ”Losje Fjellbekken” vart stifta heime på hotellet til faren. Losjen vart ein del av det verdsomspennande freds- og fråhaldsarbeidet til IOGT (International Order of Good Templars).

Dorthea sin oppvekst på hotellet gjorde at ho var van med å hjelpa til frå ho var lita jente. Etter konfirmasjonen deltok ho i arbeidet som dei andre vaksne, både i krambua og i hotelldrifta. Dorthea fortalde seinare om korleis dei i dei travlaste periodane sov rundt om hjå naboar og på høgaste loftet for å få sengeplass til alle hotellgjestene. Hotellet hadde berre rundt 25-30 senger, men kunne i periodar ha mellom 50-60 personar innlosjerte der og i nabolaget. Dessutan hadde dei store utfordringar med å få tak i nok fersk mat til rett tid. Dette var før telefonen kom, og det meste av maten vart send frå byen. Det hende både at maten ikkje kom fram, og at han var blitt sur eller øydelagd under båttransporten til Saudasjøen. ”Men det var alltid humør og festivitas over heile lina, og det bøter på mange lyte” uttalte Dorthea i ettertid. Vi anar at dette arbeidet vart avgjerande for yrkesvalet hennar. På den tida hadde heller ikkje ugifte kvinner på landsbygda mange alternativ å velje mellom.

Våren 1900 fullførte Dorthea lærarinnekurset ved Berger Husholdningsskole i Asker. Selskapet for Norges Vel starta opp desse kursa i 1897. Dessutan tok Dorthea fleire mindre kurs i hushaldsfag både før og etter at ho var elev på Berger. Hausten 1900 finn vi 23 år gamle Dorthea som lærarinne ved Tofteland Amtshusholdningsskole i Søgne. Dorthea arbeidde truleg på Tofteland fram til sommaren 1903.

Brevet frå Dorthea Rabbe til Stavanger Amts Landhusholdningsselskab om kurs i ”frugt og grønsagers anvendelse”. Kjelde: Privatarkiv nr. 179 - Rogaland Landbruksselskap, innkomne skriv 1900-1902. Statsarkivet i Stavanger. Her kan du også lesa  brevet frå Dorthea.

________________________________________________________________________________________

I 1902 vende Dorthea seg til Stavanger Amts Landhusholdningsselskap, seinare Rogaland Landbruksselskap. Ho ville setja i gang med kurs i hagebruk og bruk av grønsaker, bær og frukt dersom ho fekk økonomisk støtte frå Landhusholdningsselskapet. Det første kurset med Dorthea som lærar vart halde heime på hotellet til faren, sommaren 1902. Før kursa starta, tok ho ei studiereise til Danmark for å setja seg grundig inn i temaet. Dette initiativet tok Dorthea som ung kvinne, sjølv om ho framleis ikkje var politisk myndig. I 1907 vart det vedteke at kvinner skulle få avgrensa stemmerett ved Stortingsval. Loven vart sett i kraft ved valet i 1909. Kan hende var Dorthea ei av dei heldige kvinnene som fekk stemma då.

Amtskulen Ryfylke

Den faste amtsskulen for Ryfylke vart bygd på Judaberg på Finnøy i 1903. Her er skulebygget berre nokre år gammalt. Fotograf ukjend. Arkivet til Amtsskulen i Ryfylke. Statsarkivet i Stavanger.

I 1902 vedtok amtstinget å byggja tre faste amtsskular, ein i Dalane, ein i Karmsund og ein i Ryfylke. Frå starten i 1875 og fram til 1903 ambulerte amtsskulane. I 1903 kjøpte amtet tomt til den nye, faste skulen for Ryfylke på Judaberg i Finnøy. Sommaren 1903 vart nytt skulehus sett opp. Same hausten kom det fleire nye fag i skuleplanen for amtsskulane. Det var sløyd for gutane, skulekjøkken med hushaldsslære for jentene og hagedyrking for begge kjønn. Amtsskulestyret gjekk inn for å auka lærarpersonalet ”…, idet en Lærerinde i Husholdningsfaget tiltrænges.” Dorthea vart tilsett som ”husholdningslærerinde” ved amtsskulen i Ryfylke frå oktober 1903. Då vart ho den første fagutdanna husstellærarinna i Stavanger amt (Rogaland fylke).

Dorthea Rabbe

Dorthea Rabbe fotografert medan ho var husstellærarinne ved amtsskulen i Ryfylke. Fotograf ukjend. Arkivet til Amtsskulen i Ryfylke. Statsarkivet i Stavanger.

I tiårsperioden 1902-1912 arbeidde Dorthea som husstellærarinne på amtsskulen i vinterhalvåret og heldt kurs om bruk av frukt og bær heime på hotellet i Saudasjøen om sommaren. I same perioden debuterte ho også som fagbokforfattar. Truleg var også dette kvinneleg nybrottsarbeid i Stavanger amt. Ho ga ut tre fagbøker om frukt og grønnsaker. I 1906 kom ”Frukt og grønsager i husholdningen: Haandbog for husmødre i bygd og by”. To år etter kom ei nokså tilsvarande handbok for elevar ved grønsakskursa og husmødre, der temaet var frukt og grønsaker i matstellet. Allereie året etter, i 1909, kom ei ny utgåve av denne siste fagboka. Sylting og konservering av frukt og bær var eit tema Dorthea var svært oppteken av.

Kurs 1

Hustellkurs på Vigrestad Forsamlingshus, truleg før 1910. Dorthea Rabbe, i mørk kjole, står bak til høgre. Fotograf: J. W. Eskildsen, Egersund. Fotoarkivet Hå folkebibliotek. Statsarkivet i Stavanger.

I 1909 tok amtsskulestyret opp att saka om å setje i gang med ei praktisk opplæring for kvinner. Etter at den praktiske jenteskulen på Åsland i Time  vart nedlagd i 1902 var det ikkje kome på plass ei alternativ utdanning for jenter. Dorthea Rabbe var ein av dei som hadde arbeidd iherdig for å bøta på denne mangelen. Amtstinget gjekk inn for forslaget frå amtsskulestyret om å oppretta eigen husmorskule for amtet. Dorthea Rabbe vart oppnemnd til å sitja i nemnda som skulle utarbeida forslag til drifta av den nye skulen. I 1911 vedtok amtstinget samrøystes å kjøpa garden Sømme i Håland, nå Sola, til dette formålet. Dorthea Rabbe vart også vald til å sitja både i planleggjings- og byggjekomiteen, og i styret for den nye husmorskulen.

Sømme husmorskole

Sømme husmorskule på byrjinga av 1930-talet. Både husa og hageanlegget vitnar om godt stell. Vi ser Hafrsfjord i bakgrunnen. Fotograf: A. Figved. Privatarkiv nr. 135 - Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Dorthea Rabbe var ein av sju søkjarar på stillinga som styrar for Stavanger Amts Husmorskole. Ho vart tilsett frå 1. juli 1912. Løna var kr 1200 i året. Sofie Helle vart tilsett som lærarinne i hushald, Helene Kveim i handarbeid og Johan Askeland som gardsstyrar. Dei tilsette hadde og ansvar for internatet, der dei og budde sjølv. Dei var med andre ord på arbeid døgnet rundt. Det første fem-månaderskurset med til saman 30 elevar starta på husmorskulen på Sømme 10. august 1912. Skulen vart innvia i desember det året, då det første elevkullet hadde fullført kurset sitt.

Fest på Sømme

Elevstemna på Sømme var fast tradisjon. Dette fotografiet er truleg frå eit av desse, tidleg på 1920-talet. Fotograf ukjend. Fotoarkivet Hå folkebibliotek. Statsarkivet i Stavanger.

I mars 1938 fekk Dorthea Rabbe Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt med å fremja eit sunnare, billigare og meir nasjonalt kosthald både på landsbygda og i byane. I anbefalingsbrevet frå Johan Askeland, som både var formann i styret for Rogaland Fylkes husmorskoler og sekretær i Rogaland Landbruksselskap, heiter det: ”I sitt arbeide har det ikke vært først tale om fortjeneste og lønn, men å gjøre noe godt for alle og særlig for den slekt som vokser op.” (Sitat slutt.) Dorthea Rabbe vart framheva som hovudårsaka til det gode ryktet og høge søkjartalet skulen hadde i hennar tid som styrar. Johan Askeland meinte dette skuldast at ho også la stor vekt på den etiske, sosiale og religiøse ramma rundt opphaldet på husmorskulen. Han omtalte også Dorthea Rabbe som ”sikkert den mest skattede foredragsholder av kvinner i Rogaland i husmorlag, bondekvinnelag, sanitetsforeninger og på andre møter.” (Sitat slutt.)

Dorthea Rabbe flytte heim til Sauda då ho gjekk av med pensjon frå Sømme husmorskule i 1937. I dei 25 åra Dorthea var styrar fekk om lag 2000 kvinner husmoropplæring der. Ho døydde på det som seinare vart den offentlege kvinnedagen, 8. mars 1966, dagen før ho ville fylt 89 år. 

_________________________________________________________________________________________

Dorthea Rabbe var aktiv på fleire felt medan ho var styrar på Sømme husmorskule. Ho var:

- første kvinnelige vararepresentant til Stortinget for Venstre i Rogaland 1922-1924

- første kvinnelege vararepresentant i styret for Rogaland Venstre på slutten av 1920-tallet

- første kvinne i styret for Rogaland Historielag 1940-1945,

- forfattar. Gav ut fag- og lærebøker åleine og saman med andre; ”Husmorboken”, 1930, ”Norsk mat: uppskrifter på nasjonale rettar frå eldre og nyare tid”, 1932, ”Hagevokstrar i hushaldet”, 1934 og ”Rogaland fylkes husmorskule på Sømme i 25 år”, 1937.

- leiar for det første husstellsutvalget for Rogaland fylke,

- medlem av arbeidsnemnda for norsk ull,

- med og starta ”Hålands lokale kvinderaad” og ”Forelesningsforeningen i Håland”,

- oppnemnd til komitéen for Bjørnsonjubiléet i Håland (Sola kommune).

 

Kjelder: 

Arkivverket : Digitalarkivet

-Informasjon om Dorthea Rabbe finst i kyrkjebøker for Sauda, i Sand prestegjeld, ved dåp, konfirmasjon og gravferd, i folketeljinga 1885 for Kopervik, teljinga i 1900 for Søgne og 1910-teljinga for Finnøy.

Statsarkivet i Stavanger :

-Amtmannen i Stavanger: Skolevesen

-Amtsskulen i Ryfylke: Fotografisamling

-Hå folkebibliotek: Fotosamling

-Privatarkiv nr 135 Stavanger Turistforening

-Privatarkiv nr 179 Rogaland Landbruksselskap

Litteratur:

-Aurens, Ola (red.), 1937: ”Rogaland fylke gjennom 100 år” 

-Fuglerud, Gerd, 1980: ”Husstellskolenes historie i Norge”

-Lillehammer, Arnvid, 2002: ”Soga om Sauda”, band 4

Anna:

-Avisartiklar og –oppslag om Dorthea Rabbe og Sømme husmorskule samla av Sola Historielag, v/Britt Hansen.



.