Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

I andre halvparten av 1800-talet kom det fleire nye yrkesgrupper, både i byane og på landsbygda. Det vart etter kvart urimeleg at stemmeretten på landsbygda var avgrensa til menn som åtte eller brukte matrikulert jord. Dei seminarutdanna lærarane var til eksempel ei ny yrkesgruppe som ikkje åtte eller leigde jord. Dermed hadde dei ikkje stemmerett ved stortings– og kommuneval. Etter innføringa av landsskuleloven av 1860 kom det fleire utdanna lærarar på bygdene. Ein måte desse og andre kunne ordna seg på, var å kjøpa eit lite stykkje verdilaus jord, til eksempel ei myr. Grunnloven sa nemleg ikkje noko om kor mykje matrikulert jord ein måtte eiga for å få stemmerett. Menn som skaffa seg stemmerett på denne måten, vart gjerne kalla myrmenn.

Til stortingsvalet i 1885 fekk alle menn stemmerett når dei betalte minst 500 kroner i skatt på landsbygda eller 800 kroner i byane. Men dei måtte ikkje ”som Tyende tilhøre en Andens Husholdning”, og dei måtte ha budd minst eitt år i valkrinsen. I 1898 fekk så å seia alle menn stemmerett. Eitt unntak var dei mennene som fekk fattigstøtte. Frå og med Stortingsvalet i 1900 kan me likevel seia at det var allmenn stemmerett for menn.

Først då var turen for alvor komen til kvinnene og stemmeretten deira.

Her kan du lesa meir om Stemmerettsjubileet.  (åpnes i nytt vindu)



.