Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kjelde: Amtmannen i Stavanger, CX 72, Journalsaker 1826. Brev frå futen i Jæren og Dalane, datert 13. mars 1826.

_____________________________________________________________________________________

Den 13. mars 1826 signerte Hans Hartmann, futen i Jæren og Dalane, dette brevet til Amtmannen i Stavanger. Det skulle gå tenestevegen til Departementet for det Indre i Kristiania. Brevet var Hartmann sin kommentar til eit høyringsutkast frå Lovnemnda av 1814. Denne nemnda skulle koma med forslag til ei demokratisk styreform innan lokalforvaltinga. 

Det gamle embetsmannsstyret frå den danske einevaldstida levde vidare innan lokalforvaltinga etter 1814. Planen var at det også skulle koma ei demokratisk styreform på lokalplanet. Tidspresset på Eidsvoll gjorde at dette måtte venta. I 1820-åra kom Lovnemnda med fleire utkast til formannskapslovar. Embetsmennene var skeptiske til forslaga, og til at bøndene kunne styra i det heile.

Hans Hartmann, futen i Jæren og Dalane, var ikkje nådig i synet sitt på bøndene i Jæren og Dalane. Han var ikkje åleine om å ha eit negativt syn på dei mennene som han samarbeidde med i embetsdistriktet sitt. Hartmann var redd for at ein lov om formannskap for landdistrikta ville verta skadeleg for samfunnet og formulerte dette i brevet sitt i 1826:

- Allmugen i Jæren og Dalane var svært ukultiverte.

- Bondesamlingane ville ikkje verta aktverdige samlingar, slik lovforslaget skisserte, men samlingar der drukkenskapen blomstra.

- Det fanst truleg ikkje menn i Jæren og Dalane som kunne leia slike bondesamlingar. Og det var endå mindre sannsynleg at det fanst menn som kunne halda den nødvendige orden på ei slik samling.

- Bøndene eller allmugen valde gjerne slike leiarar som hadde nok ”enfoldig Slethed” til å tru at dei var lærde, og som hadde tilstrekkelege evne til å innbilla bøndene dette. Slike menn var dei farlegaste mellom allmugen. Dei kunne få folk med på ukloke handlingar.



.