Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kjelde: Fogden i Ryfylke: 52, BB, 1, Valgprotokoll 1837 – 1869, side 5a-5b. Det første kommunevalet for Vikedal prestegjeld, 28. sept. 1837 på Nedstrand.

_______________________________________________________________________

Det lokale sjølvstyret vart innført i 1837 sjølv om mange embetsmenn var skeptiske. Hausten 1837 var det kommuneval for første gong. Alle kyrkjesoknene i Stavanger amt var valkrinsar. Vala gjekk føre seg på bygdetinga. Den 28. september 1837 administrerte Børge Petersen, futen i Ryfylke, det første valet for Vikedal prestegjeld på tingstaden Nedstrand. Vikedal hadde tre sokner; Sandeid, Imsland og Vikedal.

Stemmerettsreglane i Grunnloven var dei same i 1837 som i 1814. Dei mennene som ikkje hadde stemt ved stortingsval tidlegare, måtte først gjera eiden til Grunnloven. Manntalet til futen var det same for stortingsval og for kommuneval. Men kommunevala var ikkje indirekte som stortingsvala. Dette var eit framsteg. Lang reiseveg til stemmestaden og truleg også manglande interesse for politisk arbeid hos mange, førte likevel til ei heller låg valdeltaking på landsbygda i Stavanger Amt.



.