Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Stemmerettsreglane i Grunnloven 1814, § 50 – 53. 

__________________________________________________________________________________

Grunnloven av 1814 gav det norske folket ei, etter den tids oppfatning, demokratisk styreform med eit representativt styre på riksplanet. Styringsforma var ikkje demokratisk etter vår definisjon av eit folkestyre.

Det var ingen allmenn stemmerett, og det var ikkje direkte val. Grunnloven nemnde korkje kvinner eller menn. I § 50 hadde loven formuleringa ”Norske Borgere, som have fyldt 25 Aar”. Det var denne gruppa som kunne få stemmerett ved stortingsval. Men ”Norske borgere” omfatta på langt nær alle menn over 25 år. I tillegg til alder måtte mennene på landsbygda eiga jord eller leiga matrikulert jord for ein periode lengre enn fem år. I byane måtte mennene ha borgarskap eller eiga bygrunn til ein minsteverdi. Alle menn som var, eller som hadde vore embetsmenn, hadde stemmerett.

For å koma med i valmanntalet, måtte den som var stemmerettskvalifisert  etter Grunnloven, først ”offentlig til Thinge sværge Constitutionen Troskab” som det står i § 51. Det var med andre ord ikkje nok bare å møta opp på tinget på valdagen.



.