Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Sandsgård

Futen spela ei sentral rolle i lokalforvaltinga. I Ryfylke var storgarden Sandsgård i Nedstrand futegard i to lange periodar før 1838. I 1777 bygde futen Christian Lerche Dahl denne staselege hovudbygningen som også står på garden i dag. Foto: Ukjend. Statsarkivet i Stavanger.

I åra 1796 – 1828 residerte futen Conrad Bredrup på Sandsgård. I 1814 fekk han ansvaret for ”første etappen” i Ryfylke og Karmsund til stortingsvalet for landdistrikta i Stavanger amt til det ”overordentlige” Stortinget som kom saman 7. oktober 1814. Dette aller første Stortinget skulle gjera dei endringane i Grunnloven av 17. mai 1814 som vart nødvendige på grunn av unionen med Sverige. Futen Bredrup organiserte eidsavlegging og manntalsføring på bygdetinga. Dei to futane i Ryfylke (og Karmsund) og i Jæren og Dalane hadde god hjelp av prestane og lensmennene. Også dei hadde sine oppgåver ved dei lokale vala.

Manntalsprotokoll, Sandnes

Kjelde: Fogden i Jæren og Dalane 52 BA 1, Manntalsprotokoll for Sandnes Ladested, side 2 – 3.

Kjelde: Fogden i Ryfylke, Gf 0001, Valgprotokoll Rennesøy prestegjeld, side 3a – 3b.

________________________________________________________________________________________

Dei bøndene som var stemmerettskvalifiserte og som ville stemma, måtte først gjera eid til Grunnloven. Dette gjorde dei på bygdetinget. Sorenskrivaren, futen og den lokale lensmannen hadde alle oppgåver på tinget. Futen var mellom anna manntalsførar, ei oppgåve han hadde til lensmennene overtok i 1896. Namna på dei som gjorde eid etter § 51 i Grunnloven, vart førte inn i tingbøkene og nokre stader også i eigne bøker. I 1828 kom det reglar for føring av eigne manntalsprotokollar.

Her ser me den vesle boka ”Mandtal over Stemmeberettigede Indvaanere i Ladestedet Sandnæs” som futen i Jæren og Dalane tok til å føra til stortingsvalet i 1815, og ein av manntalsprotokollane som futen i Ryfylke tok til å føra frå 1829, ”Mandtall over de i Overenstemmelse med Grundloven stemmeberettigede Indvaanere i Rennesøe Præstegjeld”. Prestegjeldet var stort. Det omfatta kyrkjesoknene Hausken, Sørbø, Askje, Utstein Kloster og Kvitsøy. Dei fleste hadde lang reiseveg til tinget, særleg mennene på Kvitsøy. Men det var likevel mange som gjorde eiden den 2. august 1814. Sida til venstre viser nokre av dei, mellom anna fem leiglendingar. Ein leiglending åtte ikkje gardsbruket sitt, men leigde det av andre. Alle som leigde eller byksla jord i meir enn fem år, hadde stemmerett etter Grunnloven.

Etter kvart som åra gjekk og bøndene gav frå seg gardsbruka til neste generasjon, eller selde dei, vart dei strokne frå manntalet. Dei fleste bøndene mista med andre ord stemmeretten når dei vart eldre. Folgemenn, menn som hadde kår eller føderåd på eit gardsbruk, hadde ikkje stemmerett når dei ikkje åtte jord.



.