Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Siste side av referatet amtmann Krog skreiv frå valforsamlinga for Stavanger amt, datert Stavanger Domkirke 18. mars 1815. Her er namna på alle valmennene som også signerte referatet. Kjelde: Amtmannen i Stavanger, CC, 1 nr. 335, Stortingsval 1815 – 1830.

________________________________________________________________________________

Dei som hadde fått stemmerett, møtte i hovudkyrkja i prestegjelda og valde to lokalrepresentantar til valforsamlinga for heile amtet. Denne var i Stavanger Domkirke dei første åra etter 1814. Lensmannen og soknepresten styrte dei lokale valforsamlingane. I Rennesøy lensmannsarkiv er det bevart dokumentasjon frå lokale valmøte. Protokollen går tilbake til 1829.

Valforsamlinga i Stavanger Domkirke valde fire stortingsrepresentantar og fire vararepresentantar frå landsprestegjelda. Stavanger by valde eigen representant. Stortinget (1815 – 1817) opna i Kristiania den første søndagen i juli 1815. Representantane frå Stavanger amts landdistrikt vart gardbrukar Nils Trulsen Bru frå Rennesøy, borgar og handelsmand Kiddel Torkildsen Aarstad frå Egersund, sorenskrivar i Jæren og Dalane, Hans L. Nansen, og gardbrukar Orm Hansen Øverland frå Nedstrand. Bru og Nansen møtte også på det første Stortinget hausten 1814. Frå Stavanger by møtte Eiler Hagerup Schiøtz, sorenskrivaren i Karmsund og Hesby. Han budde i byen. Frå og med Stortinget 1818 – 1820 valde kvart amt tre representatar kvar frå landdistriktet.  



.