Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Kyrkjene og prestegardane var lokale politiske sentra. Her ser me Årdal gamle kyrkje frå 1620 og den tidlegare prestegarden i Klepp frå 1793. Foto: Ukjend og Gunnar Wareberg. Anders Bærheims arkiv og Gunnar Warebergs arkiv, Statsarkivet i Stavanger.

____________________________________________________________________________________

Kyrkjene fungerte som vallokale når det skulle veljast representantar til valforsamlinga for amtet framfor stortingsvala. Dei lokale møta i skule- og fattigkommisjonen var ofte i prestegarden. Forliksråda hadde som regel også møta sine i den lokale prestegarden. 

Alle prestegjeld hadde eigen skulekommisjon og fattigkommisjon med soknepresten som leiar. Desse to særlovsorgana går tilbake til 1741 og 1742. Noreg fekk den første skuleloven ved forordning av 23. januar 1739. Til å administrera skulevesenet vart det oppretta ein skulekommisjon i kvart prestegjeld. Kommisjonen bestod av soknepresten, futen, lensmannen og fire av dei kunnigaste og beste mennene i prestegjeldet. Fattigvesenet var organisert på same måten.

Dei to kommisjonane sette opp årlege budsjettet og skreiv ut skattar på bøndene. Skattebetalarane finansierte drifta av omgangsskular og omsorga for fattige og sjuke. Bøndene ville vera med på å kontrollera kor mange skattekroner som skulle brukast. Dei ønskte at skattane skulle vera så låge som råd.

Soknepresten hadde også to medhjelparar i kvar kyrkjesokn. Denne ordninga går tilbake til 1629. Medhjelparane vart ikkje valde til omboda. Det var nok presten som peika ut aktuelle bønder. Då prestegjelda fekk skule- og fattigkommisjonar, fekk medhjelparane nye oppgåver for presten. Etter 1814 skulle medhjelparane hjelpa presten på dei lokale valforsamlingane framfor stortingsvala.

Etter omorganiseringa av rettsvesenet i 1797, fekk bøndene nye oppgåver. Frå før av var bøndene lagrettemenn ved underrettane. Etter 1797 kunne dei også verta meddomarar i dei nye forlikskommisjonane. På landsbygda var gjerne sokneprestane leiarar av desse nye forliksråda. 

Suldal skolekommisjon 1

Kjelde: Suldal sokneprestembete, Arkiv knytt til embetet. Skolekommisjon. II.1, side 25b.

Dei eldste, bevarte skulekommisjonsprotokollane går tilbake til 1816. Her ser me til venstre avslutninga på eit langt referat frå budsjettmøtet i skulekommisjonen for Suldal prestegjeld. Møtet var på prestegarden i Suldal 2. september 1816 og hadde representantar frå Suldal, Sauda, Sand og Røldal, alle fire soknene i prestegjeldet.

Helleland Fattigkommisjon

Kjelde: Helleland sokneprestembete, Lokale kommisjonar og råd, 83 BA 1, Forhandlingsprotokoll Helleland prestegjeld 1791 – 1826.

Den 20. oktober 1817 var det møte i fattigkommisjonen for Helleland prestegjeld. Både presten, lensmannen, medhjelparane og rodemeistrane møtte. Rodemeistrane var lokale bønder som hadde ansvar for avgrensa distrikt. Dette møtet skulle fordela på oppgåva med å forsørga dei fattige i prestegjeldet. Her ser me ”legdsruta” til dei ni første av dei fattige.   

Time Forhandlingsprotokoll

Kjelde: Lye forlikskommisjon: Forhandlingsprotokoll nr. 1, 1801 – 1823, side 38

Den 1. februar 1808 var det møte i forlikskommisjonen på Lye prestegard. Til venstre på sida signerte partane avtalen ein kom fram til denne dagen. Dei to var jordeigar og sokneprest Simon Balch til Lye og oppsitjaren Thore Knudsen på ein plass under garden Vestre Haaland. Signaturen til forlikskommissærane står til høgre. Dei to var Thore Nillsen Kalberg og Erich Larsen Vestlye.



.