Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Augusta

Augusta Antoinette, Augusta i dagleg tale, vart fødd 17. januar 1810 og døypt 13. april 1810 i Kristiansand domkirke. Foreldra var Nicolai Wergeland og Alette Dorothea Thaulow. Som eldste dotter i familien vart ho kalla opp etter farmora. Kjelde: Statsarkivet i Kristiansand, kirkebok for Kristiansand: Ministerialbok 1778 – 1818, side 625.

Augusta var nest eldst i ein barneflokk på fem. Dei næraste i alder var broren Henrik Wergeland, fødd 1808, og søstera Camilla, gift Collett. Ho var fødd i 1813. Familien flytte frå Kristiansand til Eidsvoll prestegård i 1817.

Augusta gifta seg 19 år gamal, 9. november 1829 på Eidsvoll med teologen Edvard Wilhelm Vedøe. Han var fødd 1805 i Kristiania. Vedøe var sokneprest i Suldal prestegjeld i åra 1831 – 1837 og i Jelsa prestegjeld i åra 1837 – 1848.

Augusta har naturleg nok kome i skuggen av dei to kjende forfattarsøskena sine. Det er ikkje bevart skriftleg materiale etter henne i offentlege arkiv. Men Nasjonalbiblioteket har mellom anna fleire brev som ho skreiv til foreldre og søsken då ho var prestekone i Suldal og Jelsa. Norsk Folkemuseum har eit portrett av Augusta som Knut Baade måla i 1838. Dette viser ei vakker, ung kvinne. I 1838 var Augusta prestekone og fembarnsmor med alt det dette førte med seg. 

Vi kjenner ikkje til om Augusta var ei av dei mange unge kvinnene søstera Camilla hadde i tankane då ho skreiv romanen ”Amtmandens Døtre” i 1854. Som gift kvinne var det i alle fall Augusta si oppgåve å vera ei god kone og ei god mor.

To av tittelblada frå boka Kong Christian Vs Norske Lov av 1687.

_____________________________________________________________________________________

Mykje av regelverket i Kong Christian Vs Norske Lov av 1687 stod ved lag også etter at Grunnloven kom i 1814. Etter denne gamle dansk-norske loven var kvinnene sivilrettsleg umyndige heile livet. Dermed kunne dei ikkje disponera over eigen formue eller eigedom. Faren, ektemannen eller ein bror var verje og representerte kvinnene i det offentlege romet.

Kvinnene hadde bare halv arverett i forhold til mennene. Strafferettsleg var dei ansvarlege for handlingane sine, men ikkje på like fot med mennene. Dette kom til uttrykk gjennom prinsippet om at kvinner svara for halvparten av straffa til menn. Kvinner kunne i teorien heller ikkje driva med handverk eller handel.

Augusta og andre kvinner fekk heller ingen stemmerett i Grunnloven. Ektemannen, sokneprest Vedøe, hadde stemmerett som embetsmann. Grunnloven av 1814 nemnde ikkje vanlege kvinner, bare kvinner som medlemmer av kongehuset.

Dette var dei ytre rammene om livet til Augusta og andre kvinner i første halvparten av 1800-talet, same kva gruppe i samfunnet dei tilhøyrde. Augusta og medsøstrene hennar sette likevel djupe spor etter seg i dette samfunnet.

Jelsa prestegård1

Jelsa prestegard var heimen til familien Vedøe i åra 1837 – 1848. Hovudbygningen på dette fotografiet vart reist i 1843. Det vert fortalt at Augusta ”teikna” huset. Ho ville gjerne ha ein to-etasjes bygning som ho var van med heime på prestegarden i Eidsvoll. Foto: L. Risa, november 2012. Statsarkivet i Stavanger.

Sokneprest Vedøe har sett mange skriftlege spor etter seg i fleire prestearkiv, her i Rogaland i Suldal og Jelsa. Etter Augusta finst det som nemnt bare nokre privatbrev.

Om vi skal leita i dei offentlege arkiva etter kvinnene og innsatsen deira i samfunnet, må vi gå til kyrkjebøkene i prestearkiva. Der får vi oversyn over alle barna dei fødde. Men kyrkjebøkene fortel også om alle barna dei måtte følgja til grava. I dag gjer nettstaden Digitalarkivet.no det enkelt å orientera seg i aktuelle kyrkjebøker.

Eldre familie- gards- og slektsbøker fortel ikkje den fullstendige historia om kvinnene sin innsats som mødre. Barn som døydde små, var ikkje viktige før, og dei kom ofte ikkje med i slike bøker. Nokre bøker nemner til eksempel at Augusta hadde fem barn, andre at ho hadde åtte. Så langt vi kjenner til, er det bare den nyaste gards- og slektsboka for Jelsa (2010) som har med alle dei 13 barna til Augusta, både dei åtte som voks opp, og dei fem som døydde små.

Kyrkjeboka  fortel: ”Dato: 20. mars 1837. Naar og af hvem Angivelsen er skeet: Af Faderen. Barnet født i 8de Maaned. Fødselen tung. Gjordemoder Tarjer Fisketjøn og Brita Kognehaugen” (sitat slutt). Kjelde: Statsarkivet i Stavanger, kyrkjebok for Suldal A8, fol. 158: Begravede og dødfødde 1837.

_____________________________________________________________________________________

Augusta vart prestekone i Suldal 21 år gamal i 1831. Ho flytte til den då avstengde dalen inst i Ryfylke saman med ektemannen og første barnet. Det er all grunn til å tru at overgangen må ha vore svært stor på alle måtar frå bylivet i Kristiania til dalen mellom dei høge fjella, som søstera Camilla Wergeland skreiv etter at ho besøkte Augusta i 1833.  

Augusta budde seks år i den gamle prestegarden og fekk fire barn der. Det yngste vart fødd for tidleg og var truleg død ved fødselen 20. mars 1837. Fødselen var tung, skreiv presten og ektemannen i kyrkjeboka. To lokale koner hjelpte til under fødselen.

Same året flytte ekteparet med dei fire barna til granneprestegjeldet Jelsa. Edvard Wilhelm Vedøe vart utnemnd til sokneprest i Jelsa den 10. juni 1837.

Kyrkjeboka  fortel at Augusta den 28. mars 1844 fekk: ”Et Pigebarn, levede i 12 Timer, Athanasia døbt. Forældre Sognepræst Vedøe og Hustru Augusta Antoinette Wergeland. Fosteret fødtes i 7. Ugemaaned. At. Jordemoder Magele Aslaksdtr. Nordnæs” (sitat slutt). Kjelde: Statsarkivet i Stavanger, kyrkjebok for Jelsa og Sand A6.2, fol. 562: Begravede og dødfødde 1844.  

_____________________________________________________________________________________

Augusta opplevde både sorger og gleder på Jelsa. Prestegardshusa dei flytte til, var gamle og i svært dårleg stand. Augusta fekk tre barn i dette huset. Eitt av barna døydde i 1840, då det var seks veker gamalt. Året etter mista ho også den eldste dottera som vart fødd i Suldal i 1832. Sjukdomen skarlagensfeber tok mange liv på den tida.  

Det nye prestegardshuset stod ferdig i løpet av 1843. Der fekk Augusta det niande og tiande barnet, men båe døydde i det nye huset, Athanasia i 1844 og Ida Henriette i 1846. Augusta mista med andre ord tre av dei fem barna ho fekk i prestegarden på Jelsa. To år etter, i 1848, flytte Augusta og familien frå Jelsa til Biri i Oppland. Dei reiste då frå ei barnegrav i Suldal og frå fire på kyrkjegarden på Jelsa.

I 1849, 1851 og 1854 fekk Augusta dei tre siste barna sine i prestegarden på Biri. Då ho var 44 år gamal, hadde ho med andre ord fødd 13 barn:

1) Vilhelm Andreas Nicolai, f. 9. august 1830 i Kristiania. 

2) Alette Camilla Heloise, f. 6 januar 1832 i Suldal, d. 3. mai 1841 i Jelsa.

3) Maria Augusta Rosalie, f. 31. mars 1833 i Suldal.  

4) Nicolai Wergeland, f. 21. november 1834 i Suldal.  

5) Dødfødd barn 20. mars 1837 i Suldal.

6) Alvilde Randine Isora f. 29. desember 1838 i Jelsa.

7) Otto Johan Benedictus, f. 13. januar 1840 og d. 27. februar 1840 i Jelsa.

8) Camilla Eduarda Theodora, f. 12. februar 1843 i Jelsa.

9) Athanasia, f. 28. mars 1844 i Jelsa. Levde i 12 timer.

10) Ida Henriette Vedøe f. 29. mai 1845 og d. 20. februar 1846 i Jelsa.  

11) August Vedø f. 12. november 1849 i Biri.

12) Emilie Ida Azora Vedø f. 10. februar 1851 i Biri.  

13) Otto Johan Benedikt f. 29. april 1854 i Biri.

Som prestekone slapp truleg Augusta å ha det daglege arbeidet med husdyra. Men ho hadde ansvaret for alt arbeidet i heimen, både matproduksjon, matstell, produksjon og stell av klede til heile familien og for tekstilar til heimen. På desse områda finst det så og seia ingen spor etter kvinnene sin innsats på 1800-talet utover den informasjonen søstera Camilla Collett og andre forfattarar festa til til papiret.  

Då Augusta døydde i 1874, hadde ikkje debatten om stemmerett for kvinner kome opp, men det hadde skjedd fleire endringar som likestilte kvinner og menn på andre område i samfunnet. Ved lov av 15. juli 1839 fekk nokre kvinner rett til å driva eit handverk, og ved lov av 8. august 1842 fekk nokre lov å driva handel. Den nye, norske straffeloven av 1842 sidestilte kvinner og menn. Ved lov av 31. juli 1854 fekk kvinner og menn lik arverett. Ved lov av 11. april 1863 vart vaksne, ugifte kvinner myndige. Augusta opplevde ikkje å vera myndig. Den tilsvarande loven for gifte kvinner kom nemleg først den 29. juni 1888.

_______________________________________________________________

Vil du lesa meir om Augusta Antoinette Wergeland Vedøe:

Henrik Wergeland og søstera Augusta på Jelsa prestegard

Henrik Wergelands barndom i Kristiansand  

Camilla Collett (1813-1895) og Kristiansand



.