Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Foto 26

Denne konkurranseplakaten i arkivet til Stavanger Turistforening er frå om lag 1920. Juryen bestod av dei to kjende fotografane A. T. Greve og Waldemar Eide og bokhandlar og postkortprodusent Otto Floor.

Stavanger Turistforening oppmuntra tidleg medlemmene til å fotografera. Denne positive innstillinga til fotografiet hadde smitteeffekt. Fleire engasjerte seg saman med Turistforeningen. Både aviser og årbokredaksjonar, etterspurde ”det gode amatørfotografiet”.  I 1919 og fleire gonger seinare var det  fotokonkurransar der medlemmer av Turistforeningen var aktive. Frå 1944 hadde årboka årlege presentasjonar av konkurransefotografi. I det heile inneheld årbøkene mange flotte bidrag frå kjende- og meir ukjende amatørfotografar i Rogaland. På denne måten støtta og oppmuntra Turistforeningen fotomiljøet i Rogaland. Eitt av resultata var at mange etablerte lokale foto- eller kameraklubbar.

 

Foto 27

Fotograf Johan N. Figved var ein av dei fremste i Rogaland når det galdt landskapsfotografi som kamerakunst. Han leverte mange fotografi til årboka og er rikt representert i arkivet til Turistforeningen. Dette fotografiet frå Åbøtangen i Sauda frå om lag 1930 er eit godt eksempel på stilretninga piktorialismen som dyrka ”det maleriske fotografiet”. Foto: Johan N. Figved, Stavanger.



.